Gå til hovedinnhold Gå til søk
ForsidenHopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
View Part 

Bruk dei flotte uteområda til kommunen!

Sigbjørn K hagen oversiktEining for kultur vil gjerne oppmode alle folk, både innbyggjarar og turistar, til å nytte seg av dei to flotte stadane ein har for rekreasjon i Sirdal kommune: Sigbjørn K. hagen (Tonstad sentrum) og ”Øya” (uteområde, Sirdal Fjellmuseum).

Her kan du ta med deg nistepakken og nyte godvêret! Det er òg lov til forsyne seg av dei mange fruktene og bæra som fins her, t.d. blåbær og tyttebær (Kvæven). Rips, stikkelsbær, solbær og eple (Sigbjørn K. hagen). Det er den estiske kunstnaren Jaröna Ilo som har stelt fram desse uteområda, med god hjelp frå Inger Frøsland, som er nabo til Sigbjørn K. hagen. Områda er ein stor glede både for auge og sjel!

SIGBJØRN K. HAGEN

I Sigbjørn K. hagen er det mange gamle staudar og rotekte roser. De er mange folk på Tonstad som har gjeve avleggarar frå hagane sine til Sigbjørn K. hagen. Her er òg buskar med rips, bringebær, solbær, stikkelsbær og fleire gamle epletre med eple som er perfekt til kake! Ein vil oppmode alle til å ta turen innom å forsyne seg av dette ”naturlege snopet”. Det er stor og flott plen kor du kan slenge deg nedpå i sommarvarmen. Hagen er open for alle, ta med deg nistepakken, og kanskje ei god bok – og tre inn i hagen!

Sigbjørn K hagen oversikt

Sigbjørn K hagen Blomster og bær


UTEOMRÅDE PÅ SIRDAL FJELLMUSEUM, KVÆVEN

På Kvæven er det, i tillegg til ”Øya”, ein flott og lærerik medisinhage. Her vil ein oppmode folk til å ta ein tur, lese på skilta og kjenne på mange av dei ulike luktene frå urtene. Dersom du er interessert i å læra meir om dei medisinske urtene i hagen, ta kontakt med biblioteket, her deler me ut små hefter med meir informasjon.


Tankar frå Jaröna Ilo om ”øya” på Kvæven:

Kva er det Sirdal har, som ikkje Paris, London og Stavanger har? Natur og villmark – og det er nettopp det som mange av turistane kjem for å oppleva. Alle har ein stad å bu, det du har kring bustaden, om det er natur eller bygningar, vert ein vane for deg, du ser ikkje alltid kva som er spesielt med det. Du ser kanskje etter noko anna, noko eksotisk, noko dei har på Mallorca, på Kanariøyane eller i Thailand.

Folk som kjem frå andre stadar tykkjer at mose på steinar, blåbær, tyttebær, røsslyng, ”kvite tre” (bjørk) er eksotisk. Dette er noko flott og spesielt – noko dei ikkje har heime! På Sirdal Fjellmuseum er det mange turistar som tar ein stopp. Korleis kan ein presentere Sirdal for desse, på best mogleg måte? Med å ha palmer fulle av bananar, blomstrande lotus, rosetre – eller naturlege planter som fins i Sirdal, og som er ein del av vår tradisjon?

For nokre år sidan vart det laga ei ”øy” utanfor museet. Her kan alle som vil ta seg ein pause, nyte nistepakka eller berre slappe av. ”Øya” er laga frå botnen av, ein for ein har plantene blitt sett ned i jorda. Plantene her er: røsslyng, tyttebær, blåbær, mikkelsbær, einer, ryllik, stemorsblom og fjellmarikåpe.

Klimaet i Sirdal er noko spesielt, i juni er det framleis mange frostnetter og allereie i september kan det koma snø. Plantene må vera hardføre for å klare seg her. Ta til dømes under Sirdalsdagane, hundrevis av menneske som går, hopp og spring over denne ”øya” på Kvæven. Då kan ein vera takksam for sterke villmarksplanter, som overlever dette besøket. Det er Jaröna Ilo som har skapt ”øya”, og ho har dei siste somrane arbeida med vedlikehald av plantene her. Det er ein del luking som skal til for å få plantene til å gro godt fram, og ein ser stort framskritt for kvar sommar, plantene vert høgare og sterkare.

Sidan det er så få synlege planter som veks, så er det mange som kan tru at uteområde på Kvæven er eit fattig område. Men, Jaröna meiner sterkt at denne ”øya” er ein stor rikdom for distriktet. Smaken av dei ville blåbæra her er fantastisk – dei er i ein heilt anna klasse enn dei ”kulturelle” store blåbæra frå USA!

Jaröna er svært glad i Sirdal og den naturen som fins her. Naturen er byrjinga vår, den er basen for alt, kulturen veks fram frå naturen. Ein er nøydt til å ha begge delar, den eine delen kan ikkje overleva utan den andre.

Sirdal Fjellmuseum Øya

Ei anna oppleving, som Jaröna vil minne om at me har, er elgen. Nokre morgonar vandrar den rundt utanfor fjellmuseet, og ho kan av og til finne spor etter den i medisinhagen.

Andre spor, som ikkje er like spennande, er spor etter røykande turistar på ”øya”. Ein vil oppmode folk til å ta omsyn til naturen på ”øya”, bruk askebeger, det tek nemlig 10-12 år før restar etter sigarettar forsvinn i naturen. Det er òg meir innbydande for andre turistar å ha ein rast her, når ikkje området er fullt av sigarettsneipar.





Info 
Trond Arne Thomassen 28.07.2010 Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut
 
Artikkel - rediger 
Turisme liten, Fotograf: ukjent Lag og foreninger liten Jobb liten Næringsliv liten Offentlge instanser liten