Det har vore godt besøk på Bygdeutstillinga denne veka. Totalt har 87 stk vore innom festsalen for å ta ei vandring gjennom utstillinga og studere flotte gjenstandar, husflidsprodukt og maleri.

I kveld (torsdag 10. oktober) vert det demonstrasjon av «Trykk på saueskinn» v/Inger Feed. Elles vert det servering av kaffi og vafler. Utstillinga er open kl. 18.00 til 20.00, me håper mange vil ta turen!

Eining for kultur har tatt ein nærare prat med to av utstillarane:

Bilde Inger Feed.jpg

Inger Feed

I programmet har me kalla Inger for ein «multikunstnar» fordi ho arbeidar innanfor mange ulike sjangere. Det er spennande å sjå all den kreativiteten ho syner fram på utstillinga.

Inger starta med billedvev for mange år sidan, ho hadde deltatt på kurs og lært dette lenge før ho kom til Sirdal i 1976. Ho er opphaveleg frå Suldal i Ryfylke. Då ho kom til Sirdal engasjerte ho seg i Husflidslaget, og ho laga mange tepper, løpere m.m. frå vevstolen. Heima på Feed vart det arrangert kurs i treskjering. Det var Inger sin svigerfar (Georg Feed) som var lærar, og Inger hadde då ein periode ho dreiv med treskjering.

Etter kvart vart ho interessert i kursa som vart arrangert på Holmen gård (Gjerstad), og tok fleire kurs her. I fyrste omgang var det kurs som gjaldt toving av ull og anna arbeid med saueskinn (trykking av motiv m.m.). Det handla fyrst om sau, kanskje fordi dei sjølv hadde sauer på garden heima på Feed. Kursa var veldig lærerike, og dei vekka ein vidare interesse for å skapa. Seinare vart det fleire kurs, både innanfor tredreiing og spikking av trefigurar. I tillegg har ho lært seg å lage kunst på glas (fat), dette lærte ho i Kristiansand.

Og til slutt, når ho finn ei ledig stund så er det opp med strikketøyet! Ho strikkar mange grytekluter (med sau og elg som motiv), og desse har blitt veldig populære.

Inger har fast utstilling på Omlidbutikken, der ho selger produkta sine. Elles går det an å ta kontakt med henne for spørsmål om bestilling.

 

Bilde Elfrida Netland.jpg

Elfrida Netland

Det er mange som kjenner Elfrida som ein dyktig biletkunstnar. På Bygdeutstillinga synar ho fram mange flotte oljemaleri som skildrar ulike stemningar frå naturen, mange med element av noko kulturhistorisk. Ein kan finna ei gamal bru, kvednhus og løer i motiva, og mange kan nok kjenna seg igjen frå stadar i Sirdal. Elfrida starta med oljemaleri då ho var 60 år, då fekk ho eit malekurs i bursdagsgåve frå sønene sine. Denne gaven førte til at ho reiste til Sandnes på kurs ei gong i veka i ein lang periode. Ho er glad i fargar, og det er nok hausten sine fargar som går mest igjen.

Elfrida driv ikkje berre med oljemaleri, ein kan kalla ho òg for ein multikunstnar! Rosemaling har vore hennar store interesse i mange år. Ho er ein veldig dyktig malar, og det er nok ikkje tal på kor mange fat og bollar ho har malt. Eit utval av desse har ho med seg på utstillinga. Ho lærte seg rosemaling for mange år sidan, i tida då ho gjekk til «Tora i Osen».

Treskjering har ho òg erfaring med, noko ho lærte seg etter kurs hos Georg Feed. På utstillinga har ho med seg nokre gjenstandar som ho har skore ut. Mellom desse, og rosemalinga, finn ein ulike strikka produktar (vottar) – endå eit talent hjå Elfrida!

Utstillinga

Utstillinga er open t.o.m. fredag 11. oktober, kl. 18.00 – 20.00 i kulturhuset. Velkomen!