Eining for kultur har hatt eit samarbeid med Sirdal Historielag om digitalisering av fotosamlinga til Fotograf T. Dahl, eller «fotografisten» som han vart kalla. Denne fotosamlinga er ein stor kulturskatt og skildrar livet i Sirdal frå om lag 1920 til 1970. No er arbeidet med å scanne og registrere desse bileta ferdig, og dette vart markert på onsdag i Sigbjørn K. huset.

Historielaget i arbeid

Historielaget har lagt ned mange arbeidstimar på digitaliseringsprosjektet. Det er Elfrid Ovedal og Johannes Hompland som har gjort jobben, og dei har brukt Sigbjørn K. huset på Tonstad som arbeidsplass i lang tid. Arbeidet har gått ut på å scanne inn dei gamle fotografia, og leggja inn opplysningar i ein database, slik at informasjonen om bilete vert bevart. Ein del av arbeidet gjekk òg ut på å «jakta» etter informasjon, då det er ein god del av fotografia som ein manglar opplysningar til. Johannes Hompland og Elfrid Ovedal har brukt mykje tid på å søkja etter informasjon, både ved å arrangere samlingar (T. Dahl kveldar) i samarbeid med eining for kultur, og å gjera oppsøkjande arbeid der dei har tatt med fotografi til kjelder som kunne ha kjennskap til desse.

Onsdag 21. mars var det ei markering for at prosjektet no er avslutta. Leiaren for Sirdal Historielag, Magnar Undheim, takka dei to for ein viktig jobb. Han er veldig glad for at dei ville engasjere seg i dette prosjektet, for utan ivrige ildsjelar så hadde ein nok ikkje fått inn all den informasjonen som no er nedskriven. Arbeidet er no ferdig og ein kan setja ein strek, men Magnar Undheim påpeika at denne streken ikkje er ei avslutning, men ein start. Ein start for nye prosjekt ein kan gå vidare med ut frå denne fotosamlinga. Ein kan ha nye temakvelder, lage til utstillingar, og det er allereie nokon som har teke initiativ til eit bokprosjekt om T. Dahl.

Ordførar Thor Jørgen Tjørhom takka òg for godt samarbeid og ein imponerande innsats frå Johannes Hompland og Elfrid Ovedal. Han uttrykte stor glede over at det er så mange gode tradisjonsberarar i Sirdal og at dei er positive til å stilla opp. Dei spelar ei viktig rolle for kultur og identitet, og er med på å skape eit viktig verdigrunnlag for folk som bur her og dei som kjem etter oss. Han peika òg på kor viktig T. Dahl har vore for oss. Han var tilstade i situasjonar og tok bilete som i dag har blitt viktig dokumentasjon for utvikling og kvardagsliv i eit tidsrom som spenner seg frå 20-talet og fram til 70-talet. T. Dahl hadde ei viktig rolle for oss fordi han var ikkje «fotografen i byen» ein reiste til, men han var «ein av bygdefolket» som var kjend for dei fleste. Han fekk slik tilgang til kvardagslige situasjonar som andre fotografar kanskje ikkje hadde så lett tilgang til.

Ein kulturskatt for Sirdal kommune

Det arbeidet som no er gjort er svært viktig i arbeidet med formidling og bevaring av denne fotosamlinga. Den kan no fungere som ei viktig samling av historiske dokument over ein periode på 50 år, som syner kvardagsliv, arbeidsliv, skikkar, natur, kulturhistorie og portrett. Fotografia (dei originale glasplatene) er fysisk bevart ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana, men det er ein papirkopi av samlinga som er tilgjengeleg for publikum ved Sirdal folkebibliotek. Det som er svært positivt no etter at prosjektet er fullførd, er at fotografia òg vert tilgjengeleg på internett.

Eining for kultur er svært nøgd med det arbeidet som no er gjort. Det var ekstra viktig for oss å få nytte dei ressursane som er hjå Sirdal Historielag. Det er mange som kan digitalisere (scanne) fotografi, men i dette tilfelle fekk ein inn enorme mengder med ekstra informasjon nett fordi dei to frå historielaget sit inne med stor kjennskap til lokalhistoria, til dei ulike grendene og til slektshistorie. Ein har fått inn ny informasjon til fotografia som ein elles aldri ville fått. Det er òg kjekt at samlinga no er på nærare 4000 fotografi. I mange år har me omtala mengda fotografi som 3500, men etter at dei to frå historielaget granska nærare så var det mange fotografi som hadde same nummerering, men som eigentleg var to ulike bilete. Slik har ein altså òg fått ei skikkelig «opprydding» i samlinga.

Ein kjem nok framleis til å arrangere ein temakveld med T. Dahl bilete i blant, for det er endå ein del fotografi som ein manglar opplysningar til. Ein vil oppmode folk som kan ha kjennskap til desse om å møte opp på desse kveldane og slik bidra til at viktig historie vert skriven ned. Elles har me alltid eit utvald fotografi på baksida av Kyrkje og Kultur bladet som vert sendt ut til alle husstandar, og er veldig takksame for den informasjon som kjem inn via den ordninga.

Fotograf T. Dahl

Tønnes Andreas Jonassen Øksendal (Født 19. juli 1884 / Død 22. november 1979). Tønnes var frå Øksendal der han budde fram til han emigrerte til Amerika før første verdskrig tok til i 1914.

Ein Amerikatur på den tida kunne vera ein nokså strabasiøs påkjenning som tok si tid. Frå Øksendal gjekk turen med dampbåt sørover på Sirdalsvatnet ned til Osen. Frå Sira gjekk det tog til Flekkefjord, og der gjekk båten vestover. Båten endte som regel opp i New York via England og Canada.

I Amerika budde han i Wisconsin i Minnesota, som mange av hans landsmenn òg gjorde. Den fyrste tida her var han truleg snekker i ein møbelverkstad, men det tok ikkje lang tid før han fann interesse for fotografering og fekk opplæring i dette. Han endra namnet sitt i Amerika, Tønnes var vanskeleg nok, men det var verre med Øksendal, det vart uttala som «oxentail» - altså oksehale – og dette passa han ikkje. Han kalla seg difor for T. Dahl.

I 1920 kom han heim frå Amerika og slo seg til i huset der han hadde vokst opp på bruket «Grøve» på Øksendal. Her innreidde han eit eige rom til mørekrom slik at han kunne framkalla bileta der. Han etablerte seg no som fotograf.  Kvaliteten på arbeidet hans er teknisk imponerande, ikkje minst når ein veit at han gjorde alt arbeidet sjølv. Han fotograferte, framkalla og laga kopiar. Mykje av utstyret hadde han laga sjølv.

Heime i grenda att vart han ofte kalla for «Tønes i Grøve». Han var litt annleis enn dei andre som budde her, han var pertentlig og fin i tøyet, og ein kunne sjå at han hadde vore i Amerika. Han hadde ein typisk «Amerika look», som dei sa.

Han hadde med seg fotoapparatet overalt, og inviterte seg med på turar og ulike samankomstar. Slik dokumenterte han si samtid, slik at ein i dag kan få eit veldig sterkt innblikk i korleis det var på denne tida. Det vart aldri store inntekter av fotograferinga, men under krigen vart det slik at alle over 15 år måtte ha passbilete, og då tente han ei krone per bilete.

Det er eit stort mangfald i motiv i fotosamlinga, noko av det med mest lokalhistorisk verdi er kanskje båttrafikken på Sirdalsvatnet og vegarbeid mellom Haughom og Tonstad. Det er òg mange gruppebilete og klassebilete i samlinga. Han tok bilete i bryllaup og gravferd, av konfirmantar og kvardagslege situasjonar. Dei nemnde portrett/passbileta utgjer òg ein viktig del av samlinga.