Om du har fått leigekøyringsløyve eller løyve for transport til eiga hytte i Sirdal, er det store sjansar for at løyvet ditt no har gått ut på dato og treng fornying.

 

Slik kan du fornye løyve for transport til hytta

Står du som eigar av same hytte som sist, kan du enkelt søke om fornying av løyvet ved å sende teksten «forny snøskuterløyve» til post@sirdal.kommune.no. Kommunen har kart og andre nødvendige opplysningar lagra frå før.

  • Du treng ikkje føre opp namna til familiemedlemar som skal køyre på løyvet. Når løyvet vert gitt til deg som «hytteeigar» vil det per definisjon også gjelda for din næraste familie (ektefelle/sambuar, barn og foreldre).
  • Du treng heller ikkje opplyse om registreringsnummer, eller melde i frå til kommunen ved byte av snøskuter. Løyva vert ikkje lenger knytt opp til registreringsnummer – berre til person/hytteeigar.

 

Slik kan du fornye leigekøyringsløyve

Står du som eigar av dei same gards- og bruksnummera som leigekøyringsløyvet ditt vart knytt opp til sist, eller du har fått delegert ansvaret for dei same gards- og bruksnummera frå grunneigar som sist, kan du søke om fornying av leigekøyringsløyvet ved å sende teksten «forny leigekøyringsløyve» til post@sirdal.kommune.no.

  • Opplys om eventuelle endringar i sjåførar, slik at dette vert ført korrekt i løyvet. Det er berre dei personane som står oppført som sjåførar i leigekøyringsløyvet som kan køyre på dette. Som løyvehavar står du ansvarlig for verksemda.

 

Slik kan du fornye løyve for motorferdsel i samband med næring

Føretak som har fått dispensasjon for transport av materiale, utstyr og personell på vinterføre i samband med oppdrag på hytter og støler, kan søke om fornying av løyvet ved å sende teksten «forny løyve for motorferdsel i samband med næring for: firmanamn, organisasjonsnummer» til post@sirdal.kommune.no. Desse søknadane vert behandla i utval for teknikk, landbruk og miljø. Søknader som er mottatt innan 24. november vil bli lagt fram for behandling i utvalsmøte 10. desember.

 

Skjema for søknad om motorferdsel i verneområda

For motorferdsel i verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane er det eit eige søknadsskjema

 

Andre lenker:

Retningslinjer for behandling av søknader om snøskuterløyve i Sirdal (PDF)

Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven)

Forskrift om bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag

Forskrift om landing og start med luftfartøy og motorferdsel i vassdrag, Sirdal kommune