No er heile fotosamlinga av T. Dahl tilgjengeleg på nett. Det er Sirdal Historie og kulturvernlag som har gjort den store jobben med digitalisering av bileta og innhenting av informasjon. Det er gjort eit stort arbeid med å hente inn opplysningar til bileta, dette er svært imponerande og Sirdal kommune er takksame for at historielaget ville ta på seg denne jobben.

Bileta er no knytt opp til billedbasen «Digitale Bilder i Agder», med nettadresse: agderbilder.no

Dette er ei fotosamling med fleire tusen historiske fotografi frå Agderfylka.

 

Bilde Digitalisering T Dahl på agderbilder no.jpg

 

Det er endå ein del av bileta som me manglar informasjon til, så ein vil oppmode alle til å senda inn dersom de har ekstra informasjon til bileta.

 

Fotograf T. Dahl (1884-1979) var frå Øksendal i Sirdal kommune. Som så mange på den tida, reiste han til Amerika for å skaffa seg sitt levebrød. Der prøvde han seg innanfor ulike arbeidsområde, ei stund arbeida han i ein tømmerhoggar-camp i Midtvesten. I Amerika lærte han seg å fotografere og han brukte seinare all si tid til dette. Han flytta heim att til Sirdal i 1920, og vart då kjend som “fotografisten”, som var tilstade i bryllaup og gravferder, på stemner og turar.

I kyrkjebøkene står han innførd som Tønnes Andreas Jonassen Øksendal. I Amerika endra han namnet sitt til Dahl, dette fordi Øksendal vart så altfor likt oxentail – og dette var ikkje særleg tiltalande…

Samlinga hans består av om lag 4000 fotografi. Dei originale glasplatene (negativ) er bevart ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Papirkopiar er i arkivet til Sirdal kommune, som forvaltar denne kulturskatten.

 

Ein stor del av samlinga består av portrett – då det var slike bilete som gav han inntekt. Elles finn ein stor kulturhistorisk verdi i bileta hans som skildrar ferdsel med båtar på Sirdalsvatnet (dampbåten FRAM som gjekk i rute på Sirdalsvatnet), arbeidarar på “tyskarvegen” frå Tonstad til Haughom, kulturlandskap, bygningar og levande kvardagsmenneske. Mykje av utstyret til fotografering laga han sjølv og han innreidde eit av romma i huset sitt til mørkerom. I dag er det Sirdal kommune som leigar dette huset, og bruker det til museum.

 

-eining for kultur-