Det var få ledige stolar att på tysdag då fjellmuséet inviterte til Kvinenkveld, heile 65 stykk hadde funne vegen til Kvæven denne kvelden.  Eining for kultur er svært nøgd med arrangementet, og er glad for at så mange syner interesse for lokalhistoria.

Det var Magnar Undheim og Per Magne Sinnes som hadde ordet denne kvelden. Gjennom gamle bilete og historier fekk dei frammøtte eit innblikk i korleis det var å bu «me Kvinæ». Ein fekk kjennskap til korleis det var i dei tidene då turismen byrja å vokse fram, og korleis det var når dei nye planane om veg vart påbegynt, og seinare stoppa opp att. Den største endringa kom nok med Sira-Kvina og vasskraftutbygginga, ei endring som står igjen i lokalhistoria som gode framskritt, men òg litt såre minne.

Publikum fekk sjå mange flotte bilete frå naturen i fjellområdet rundt Kvinen, og på høgtalaren var det song av og med Gunhild Kvinen – ei flott framvising.

Som avslutning på kvelden var det servering av kaffi og lappar, og eining for kultur er svært godt nøgd med kvelden, og håper det kjem minst like mange på neste temakveld. Neste temakveld er tysdag 17. april og då er det forfattar Tore Kvæven som kjem og skal fortelja om si nye bok, «Når landet mørknar».

Kvinenkveld.JPG