Ei aksjonsgruppe legg til rette for ei miljøveke månadsskiftet mai/juni 2018. Målet er at alle me som bur eller ferierar i Sirdal skal føla oss stolte over kor rein og fin kommunen vår er. Skal me lukkast, er me avhengige av støtte og engasjement.

Grunneigarane har eit stort ansvar for søppel på sine eigedommar, men det er lett å sjå at dei ikkje har eineansvar. Når dei stiller eigedommen til disposisjon for løyper og stiar, vil det vera urett om me forlangar at dei skal rydda søppel langs desse. Langsmed offentlege vegar er det utfordrande å finna kven som skal halda det søppelfritt.

Denne aksjonen vil vera særleg oppteken av gamalt skrot og gamle vrak, t. d. bilar, traktorar, jordbruksutstyr, campingvogner, komfyrar, vaskemaskinar, kjøleskap o.l. Me vil sterkt oppmoda eigarane til å få slike fjerna. Er det nokon som treng hjelp til det, vil miljøaksjonen vera med å finna fram til gode løysingar. IRS vil stilla med stor bil i aksjonsveka og henta slik skrot på avtalte oppsamlingstadar.

Det er med glede me tek mot melding om behov for hjelp som må vera meldt inn til aksjonsgruppa v. Sven Sandvik i Sirdal kommune innan 23.april.

Initiativet til aksjonen var det to engasjerte søppelplukkarar som tok; Eva Tennfjord og Kate Tjomlid. Så har dei fått med seg Sirdal Bygdekvinnelag (Solveig Marie Ådneram), Sirdal Næringsforeining (Steinar Skretting) og Sirdal bondelag (Tor Arne Liland), Sirdal historielag (Magnar Undheim). Sirdal kommune støttar aksjonen og Sven Sandvik er deira talsmann. Han er plan- og miljøkonsulent.

Aksjonen er mellom anna støtta av kyrkja i Sirdal, skulane, barnehagane, idrettslaga og Sirdalsløyper.

Gjennom næringsforeininga har ulike firma sagt at dei vil vera med. Det er særleg viktig at bygg- og anleggsbransjen engasjerer seg, og at avfallshandteringa er god.

Me oppmodar alle til å ta eit ekstra initiativ i løpet av desse aksjonsdagane.

Aksjonsdagar: 30. mai – 2. juni

Miljøaksjonsgruppa