Bilde Planutkast Kulturminneplan.jpg

Høyring: Planutkast Kulturminneplan i Sirdal kommune

Dokument for nedlasting:

Planutkast Kulturminneplan

Vedlegg Oversikt over kulturminne

 

Formålet med Kulturminneplanen er å:

  • Laga ei god oversikt over dei kulturminne som er i Sirdal

  • Auka kunnskapen og interessa for kulturminne

  • Stimulera til ei god og langsiktig forvaltning av kulturminneverdiar i den kommunale

    arealplanlegginga, og auka kompetansen hjå tilsette som arbeider med plan- og byggesakar

  • Stimulera til bevaring og istandsetjing av kulturminne

  • Bidra til å sikra at fleire kulturminne vert beskytta gjennom tiltak for bevaring

 

I henhald til vedtak i utval TLM (PS 19/23) og utval oppvekst/levekår (PS 19/14) skal planutkast til Kulturminneplan leggjast ut til offentleg høyring. Planforslaget er vedlagd, og det er lagd ut til gjennomsyn ved Informasjonsavdelinga på Sirdal rådhus.

Ein vil særs oppmode berørte grunneigarar til å sjå på vedlagde planforslag, og koma med innspel.

Merknad til høyring: Det er laga eit nytt vedlegg der oversikt over kulturminne i Sirdal er sortert gard for gard – for ei betre oversikt. Dette er meint å erstatte s. 47 – s. 59 i planutkastet. (frå innspel i utval for TLM)

 

Innspel og merknadar til planforslaget kan sendast skriftleg til:

Adresse: Sirdal kommune, Tonstadveien 28, 4440 Tonstad

Eller på e-post til: post@sirdal.kommune.no

 

Frist for innspel/merknadar er satt til: fredag 14. juni 2019

Etter høyringa skal planen bli lagd fram for endeleg politisk behandling i kommunestyret i oktober.