Det er bandtvang i alle lysløyper og tråkkemaskinpreparerte løyper i Sirdal kommune.

Av omsyn til sårbart vilt oppmodar me folk til å ha hunden i band også utanfor skiløypa. Hundar skal, i følgje hundelova, alltid passast slik at dei ikkje driv eller forfølgjer vilt.

Det er ikkje er lov til å drive jakthundtrening utan samtykke frå grunneigar, jf. hundelova § 8.

Frå 1. april til 1. november er det generell bandtvang i Sirdal kommune.

Forskrift om hundehold, Sirdal kommune
Hundeloven