Kulturprisen til Tore Kvæven!

Det var eit flott arrangement i kulturhuset i går, eining for kultur er glad for at så mange møtte opp for å vera med oss gjennom prisdryss og underholdning. Kulturprisen gjekk til Tore Kvæven, og Byggeskikkprisen til «Bakkehuset» på Omlid (Anette Grønning og Jostein Bjørnsen). Elles vart det delt ut Kulturstipend til lngvald Haughom (musikk) og Idrettsstipend til Anne Ådneram (hestesport) og Mathias Hegre (skiskyting).

Bilde nr 1 Kulturkvelden.jpg

Midt i kveldens program var det ein «Bokprat» med forfattarane Jack Rostøl og Tore Kvæven. Jack Rostøl fekk som kjent tildelt Kulturstipend i fjor, for filmprosjektet knytta til boka «Gaffelbiter biter ikke», så det var spennande å høyra korleis framgangen var i det prosjektet.

Elles var det andre flotte underholdningsinnslag frå Sirdal blandakor, Ragnhild Maria Sandvik og Kaare Lauridsen, Ingvald Haughom og opplesing frå bok av Tore Kvæven.

Bilde nr 2 Kulturkvelden.jpg

Eining for kultur gratulerer alle prisvinnarane, og takkar alle som ville dele denne kvelden med oss!

Her er elles kulturprogram for våren 2019 – vel møtt til våre arrangement:

Kulturprogram