Sirdal kommune har vedteke mål for forvaltning av elg, hjort, rådyr og bever for 2019 – 2023 og opna for jakt og fangst på bever. 

Målsettingane og særutskrift av saka som vart behandla i utval-TLM finn du nedanfor. Om du ønsker tilgang til fleire av vedlegga til saksframlegget, er desse tilgjengelige i møteinnkallinga til utvalet. Her er link til møteinnkallinga: https://aspephpub.public.cloudservices.no/Sirdal/Dmb/ShowDmbDocument?mId=853&documentTypeId=MI

Opning av jakt på bever

Det er opna for jakt på bever i heile Sirdal kommune. Jakttida fylgjer den til ei kvar tid gjeldande jakttid som fastsett i forskrift om jakt og fangsttider. Per i dag er dette 1.10. – 30.04. Føresegner om opning av jakt på bever, jakttid og raporteringsplikt er lagt inn i same forskrift som opning av jakt på elg, hjort, og rådyr. Forskrifta sitt innhald angåande elg, hjort og rådyr, er uendra. Her er link til forskrifta: https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2019-09-03-1109

Rapporteringsplikt ved felling av bever

Kommunen har mål om å halda jaktpresset på bever på eit nivå som sikrar at beveren ikkje vert fortrengt, eller står i fare for å verta fortrengt, frå sine naturlege utbreiingsområde. 

For å få betre oversikt over kvar det vert felt bever og fortløpande vurdere om det er behov for ei nærare kartlegging av bestanden i delar av kommunen, er det forskriftsfesta at jeger skal rapportere fellingsdato og fellingsstad for kvart felte individ til Sirdal kommune. Du kan skrive opp fellingsdato og fellingsstad i ein e-post og sende den til post@sirdal.kommune.no, eller rapportere direkte til viltansvarlig i kommunen på e-post, SMS eller telefon. Sistnemnte kan særlig være nyttig om du har utfyllande opplysningar om bestand, hytter, demningar og liknande.

Beveren vert no forvalta på linje med anna småvilt. Felt bever skal difor også rapporterast inn til Statistisk sentralbyrå (SSB) som del av den årlige rapporteringa av jakt- og fangstutbytte knytt til jegeravgifta. Då SSB sin statistikk for felt bever berre vert ført på kommunenivå, vert denne litt for grovmaska til å vera av særlig nytte for forvaltninga av ein langstrakt kommune som Sirdal. Dette er bakgrunnen for at det fortsatt vert stilt krav om rapportering til Sirdal kommune.    

Særutskrift - Mål for forvaltning Sirdal kommune 2019 - 2023
Mål for forvaltning Sirdal kommune 2014 - 2019