Utskrift

Bli med på Suppefestivalen 2017

Endret

Suppe 5
Bli med på Suppefestivalen!
Meld deg på med stand i Tonstad sentrum, eller med aktivitet/underholdning på scenen. Påmeldingsfristen er fredag 21. april. Påmeldingsskjema
 
For fjerde gong skal Suppefestivalen arrangerast, og me ønskjer å ha mange kjekke aktivitetar i Tonstad sentrum!
For å skapa aktivitet, treng me utstillarar med og utan suppe, og med og utan aktivitetar ved standen. Me treng òg flinke personar til å underholda på scenen.
 
Kvar stand kan låne forkle med logo på, og alle som har noko med Suppefestivalen å gjera, enten de står i butikken heile dagen eller på stand, får eit klistermerke med logoen på.
Dette for å syna at me står saman om arrangementet, uansett kor ein er å sel.
Skal de servera suppa, så kan de få 50 stk. koppar frå oss, resten må de ordna sjølve.
Nokon ønskjer å ha suppa for sal, for å dekka utgiftene med innkjøp av ingrediensar. Arrangør håpar at dei som vil dela ut gratis respekterer dette ved å dele ut små smaksprøver av suppa.
Me oppmodar til å bruke lokale råvare så langt dette er mogleg.
Arrangør kan ikkje levera bord og stoler til utstillarane, så dette må de ordna med sjølve.
 
Det er viktig å melde inn v/påmeldingsskjema om de har nokon spesielle tilbod denne dagen, då dette skal i programbladet. Dersom det er ønskeleg med bilete eller annonse i bladet, kan de sende dette inn på e-post innan same frist eller snarast råd. Hugs god oppløysning!
 
Skulle det elles vera noko, ta gjerne kontakt med underteikna.
 
Velkomen skal de vera!
 
Med vennleg helsing
Solveig Marie Ådneram
-Suppegeneral 2017-
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
 
 
Mobil: 92018023
 
Bilde Suppefestivalen