Utskrift

BYGDEJAKT 2016

Trekning av årets reinsdyrjakt blir på Kvævemoen torsdag 16. juni kl 19:00.

Følgende kort skal fordeles:

  1. 3 stk simle/ungdyr m/kalv
  2. 1 stk simle/ungdyr
  3. 7 stk simle m/kalv

Personlig frammøte eller med stedfortreder.

 

RETNINGSLINJER FOR BYGDEJAKTA I SIRDAL

  1. Søkjarar må være folkeregistrert i Sirdal kommune.
  2. Søkjarar må tilfredsstille krava til storviltjakt.
  3. Alle som vert tildelt jakt må underteikne jegeravtalen til Statskog og betale for jaktkortet før det vert utlevert.
  4. Jaktkortet er personleg. Ein har ikkje høve til å selje det vidare eller gjeve det bort. Dersom det ikkje vert nytta må det straks leverast tilbake til bygdejaktkomiteen slik at det kan formidlast vidare til neste person på lista.
  5. Ubrukte jaktkort skal straks etter jakta leverast til bygdejaktkomiteen.
  6. Brot på retningslinjene kan medføra utestenging frå jakta kommande år.

 

Utskrift

Bandtvang

tvang

Vi minner om at det er bandtvang i alle lysløyper og tråkkemaskinpreparerte løyper i Sirdal kommune.

I Øvre Sirdal oppmodar vi folk til å ha hundane i band også utanfor skiløypene. Dette av omsyn til rådyra som slit når snøen er djup. Hundar skal, i følgje hundelova, alltid passast slik at dei ikkje driv eller forfølgjer vilt.

Frå 1. april til 1. november er det generell bandtvang i Sirdal kommune.

Lenker:

Utskrift

Ope møte elg- og hjorteforvaltninga

opem2

Året som ligg føre oss vert spennande. Jaktrettshavarane står ovanfor krevjande og viktige avgjersler om kva for veg ein ønskjer at bestandsforvaltninga av elg og hjort i Sirdal skal ta vidare. Bestandsplanane som vart godkjente i 2011 er utvida med eit år og vil gjelde ut årets jaktsesong. Nye arealkrav som vart innført i 2012 gjer at det er nødvendig å tenkje større og få til samarbeid på tvers av vald ved utarbeiding av nye bestandsplaner.

Ei arbeidsgruppe beståande av leiarane i dei fem storvalda og viltforvaltar i kommunen har diskutert om det er mogleg å få til eit samarbeid om forvaltninga av elg og hjort med felles bestandsplan for heile eller deler av kommunen. Arbeidsgruppa har laga eit forslag til vedtekter for eit slikt samarbeid. Forslaget til vedtekter og spørsmålet om eit eventuelt samarbeid skal no etter planen drøftast nærare internt i valda.

Etter ønskje frå arbeidsgruppa vert det også invitert til eit ope møte der bestandsplansamarbeid er tema.

Referat fra arbeidsgruppa

Utskrift

Sirdal Ettersøksring 2015

Sirdal ettersøksring tilbyr avtaler til jaktlag som ikke har tilgang på egen ettersøkshund.

For å drive storviltjakt på elg, hjort og rådyr, SKAL det være inngått ettersøksavtale FØR jakta begynner. Obs, gjelder også før rådyr og hjortejakt..

 

Utskrift

Søknadsfrist snøskuterløyve 2014

 sslt

Foto: Ørnelund, Leif / Oslo Museum. Dette bildet er lisensiert under en Creative Commons 3.0 lisens 

Alle som har behov for snøskuterløyve utanfor verneområda denne vinteren må søkje om nytt løyve innan 15. september. Ein kan vente å få søknaden behandla innan sesongstart dersom ein har levert kompelett søknad innan denne fristen.

Søknad skal sendast inn på elektronisk søknadsskjema:

Utskrift

Ettersøk fallvilt – Sirdal Ettersøksring

voffeSirdal Ettersøksring har ansvaret for ettersøk av skadeskutt, påkjørt og skada/fallvilt i Sirdal kommune. Ved skadeskyting, påkjørsle av hjortevilt og bever eller observasjon av skada eller dødt vilt skal Sirdal Ettersøksring kontaktast:  

Utskrift

Viltfondsmidlar 2014 og Erstatningsmidlar Øksendalsoverføringa

Vilt- og innlandsfiskenemnda gjorde 26. juni 2014 følgjande vedtak:

«Prosjektet Sørhjort – GPS merking av hjort i Agder og Telemark får støtte frå viltfondet på intill 8 500 kroner per år i prosjektperioden 2014 – 2018.
Sirdal jeger- og fiskerforening får 18 000 kroner i støtte frå viltfondet til kjøp av hagle, salongrifle og diverse anna utstyr til bruk i samband med jegerprøvekurs. Utgifter må dokumenterast innan 31.12.2014.
Midtre Sirdal viltlag får 3 000 kroner i støtte frå viltfondet til innkjøp av vekter. Utgifter må dokumenterast innan 31.12.2014.
Flekkefjord og Sirdal skogeigarlag får 3 800 kroner i støtte til å dekke utgifter i samband med det opne møtet dei arrangerte på Øksendal grendehus den 11.03.2014. Utgifter må dokumenterast innan 31.12.2014.
Sirdal sikringsradiolag får intill 9 200 kroner i støtte til ny basestasjon på Eldsknuten. Utgifter må dokumenterast innan 31.12.2014.»

Pdf: Særutskrift - Tildeling av viltfondsmidlar - 2014

Erstatningsmidlar Øksendalsoverføringa

Lag og foreiningar samt innbyggjarar med fast eigedom på Haughom, Øksendal, Listøl, Gjødestøl og Ovedal kan søkje om tilskot til opphjelp av fisk, vilt og friluftsliv.

Tilskotet er ei erstatning frå Sira-Kvina kraftselskap for overføringa av vatn frå Øksendalsvassdraget til Tonstad kraftverk.

Vilt- og innlandsfiskenemnda fungerer som styre for fondet.

Årleg søknadsfrist for fondet er 1. mars.

Søknader kan sendast per e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.  

Spørsmål rettast til Eining for Arealforvaltning ved Sven Sandvik på tlf: 38 37 91 23