Sirdal kulturhus

Måndag 7. oktober - Fredag 11. oktober

Bilde Sirdal Bygdeutstilling 2019 .jpg

I Sirdal er det mange kreative menneske som driv med biletkunst, skulptur, fotografi, treskjering, spikking av trefigurar, keramikk, smykkedesign, vev, bunadssaum m.m.

Sirdal kommune har tidlegare gått ut med invitasjon om å melde seg på Bygdeutstillinga slik at me kan kan syne fram noko av dette kreative arbeidet. Innan fristens utløp var det ikkje så mange som hadde meldt seg på, så ein vil difor forlenge fristen sli at det no er mogleg for endå fleire å delta. Ein har satt ny påmeldingsfrist, og dei som ønskjer å delta må melde dette inn til oss innan måndag 30. september.

Vil du delta på Bygdeutstillinga?

Send inn påmelding til oss innan måndag 30. september. Skjema for påmelding: Sirdal Bygdeutstilling 2019

Send skjema til post@sirdal.kommune.no

 

For spørsmål og meir informasjon, ta gjerne kontakt med eining for kultur.

Førre gong Sirdal hadde ei stor Bygdeutstilling var i 2013. Den gong var det mange som deltok og synte fram eit stort mangfald i teknikk og sjanger. Me håper at mange vil delta denne gong òg.

Bilde frå bygdeutstillinga 2013.jpg