I samband med årets TV-aksjon vil elevane frå 1.-4. klasse på Tonstad og Sinnes skule bidra med ein marsj ut til Sirdalsheimen og Eliastunet. Begge desse plassane skal elevane synge to songar (Ca. kl. 11.00 på Sirdalsheimen, og ca. kl. 11.45 på Eliastunet). Det hadde og vore fint om noen har tid og lyst til å ta ein tur for å høyre på oss. Vi oppfordrar alle til å bidra med eit valfritt beløp. For å gjere dette må de gå inn på spleis.no/6496 . Vi vil då kunne sjå kor mykje pengar vi klarer å samle inn. Dette er sjølvsagt heilt frivillig.

solmarsj.jpg

 

Om TV-aksjonen 2017

TV-aksjonen NRK 2017 går til UNICEF sitt arbeid for å gi utdanning til barn ramma av krig og konflikt. I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 22.oktober.

Når barn i krig og konflikt ikkje får utdanning, står eit heilt land si framtid på spel. TV-aksjonen skal gi skolegang og håp til barn der krigen rasar.

Eit av fem barn i krigs- og konfliktområder står i dag utan skulegang. UNICEF jobbar hardt og målretta for at barn ikkje skal få øydelagt framtida på grunn av voksne sine krigar og konfliktar.

TV-aksjonen 2017 skal gi utdanning til barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan.