Fredag 20. oktober kl. 20.00 Kvæven bygdetun

Kva meiner DU er Sirdal sin tradisjonsmat?

På nettsida http://norsktradisjonsmat.no kan du finna ulike tradisjonelle oppskrifter frå mange kommunar, men ingen frå Sirdal. Det vil Sirdal bygdekvinnelag gjera noko med, og du kan få vera med!

Møt opp på Kvæven bygdetun 20. oktober 2017 kl. 20.00 med oppskrift(er) du synest representerer Sirdal godt! Har du med ein smaksprøve òg, er det endå betre.

Det vert enkel servering og ein kahoot, så heng berre med!

Kvelden byrjar med årsmøte i bygdekvinnelaget kl. 19.00

  • Årsmelding og rekneskap
  • Val (der alle som stiller til val, har blitt kontakta)
  • Innspel til aktivitetar for medlemmar

Sirdal Bygdekvinnelag
Bygdekvinnelag.jpg