Sirdal kommune fekk i dag melding om eit sannsynleg tilfelle av harepest (tularemi) på Suleskard. Veterinærinstituttet har den siste tida diagnostisert harepest hjå mange harar og ein hund i Sør-Noreg.

Harepest (tularemi) er ein infeksjonssjukdom som kan overførast frå dyr til menneske. Sjukdomsbiletet hjå menneske er vanlegvis forholdsvis mildt. I høve folkehelseinstituttet startar det vanlegvis akutt med feber, frysningar, hovudverk og trøytleik.

Råd for å unngå smitte:

  • Ikkje drikka vatn frå mindre, opne drikkevasskjelder
  • Unngå kontakt med sjuke eller daude harer eller smågnagarar
  • Ikkje fei opp smågnagarlort (for eksempel muselort i hytta), men bruk heller ein fuktig klut, og beskytt hendene med gummihanskar. Smitte kan skje ved innpusting av støv fra sjuke dyr eller avføringa deira.
  • Unngå å bli sleika av hundar og kattar som nyleg har vore i kontakt med daudt eller sykt vilt.

For meir informasjon sjå:

https://www.vetinst.no/nyheter/mange-tilfelle-av-harepest-i-sor-noreg

https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/smitte-fra-mat-vann-dyr/flere-artikler/harepest---overfores-fra-lemen-og-a/