Utval for teknikk, landbruk og miljø vedtok den 21.03.2023 å sende på høyring eit forslag om endring av minstearealet for elg og hjort i delar av Sirdal kommune, gjeldande frå jaktsesongen 2024.

Kommunen foreslår å setje minstearealet for elg ned til 5000 dekar på vestsida av Sirdalsvatnet for å legge til rette for eit jaktuttak som er tilstrekkelig høgt til å betre beitetilhøva på sikt. Det er registrert kraftig overbeite på rogn, osp og selje (ROS) i denne delen av kommunen i beitetakseringar gjennomført i 2013, 2017 og 2021. Kommunen har fått tilbakemelding frå Nordgardane viltlag om at dagens minsteareal på 7500 dekar har ein avgrensande effekt på jaktuttaket i fleire av jaktlaga der beitepresset er høgt.    

Kommunen foreslår å redusere minstearealet for hjort nedanfor Dorgefoss for å bidra til å dempe veksten i bestanden. Forslaget inneber ein reduksjon frå 5000 dekar til 2500 dekar i vald som har det meste av arealet sitt nedanfor Dorgefoss og aust for Sirdalsvatnet og ein reduksjon frå 5000 dekar til 2000 dekar innanfor Nordgardane viltlag sitt areal på vestsida av Sirdalsvatnet.  

 

Merknader til forslaget kan sendast til post@sirdal.kommune.no innan 1. oktober 2023

 

Særutskrift - Forslag om endring av minsteareal for elg og hjort i deler av Sirdal kommune

Forslag til endringsforskrift