NVE har lagt revisjonsdokument for reguleringa av Finsåvassdraget ut på offentlig høring. Konsesjonssøknad om auka slukeevne i Finså kraftverk er innarbeidd i revisjonsdokumentet.

Høyringsfrist er 1. mars 2021.

Revisjonsdokumentet/konsesjonssøknaden er tilgjengelig på NVE sine nettsider:  https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak?id=6758&type=V-1

NVE ønsker helst at uttaler vert sendt inn via NVE si nettside (følg linken ovanfor). Alternativt kan uttalen sendast som e-post til nve@nve.no, eller i brev til NVE - Konsesjonsavdelingen, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo. Send gjerne kopi av uttalen til Sirdal kommune.

Sirdal kommune har fått nokre papireksemplar av revisjonsdokumentet. Desse vil bli formidla vidare til grendekontaktane. Andre som ønsker papirversjon kan kontakte Leif Ottar Tveito på tlf. 38 60 70 31 eller e-post leif.ottar.tveito@ae.no