I samband med at forbodet mot oppkøyring av skiløyper no er oppheva og det generelle hytteforbodet vert oppheva måndag 20. april, ønsker Sirdal kommune å minne alle hundeeigarar på at det framleis er bandtvang.

Bandtvangen er ikkje lenger ekstraordinær - me er no inne i den ordinære, landsomfattande perioden med generell bandtvang som tok til 1. april. I Sirdal er denne perioden utvida slik at den gjeld heilt fram til 1. november.
Hugs også at det alltid er bandtvang i alle lysløyper og tråkkemaskinpreparerte løyper i Sirdal kommune.
God helg og velkommen attende til Sirdal!