Sirdal kommune

Sirdal er ein attraktiv kraft- og reiselivskommune i Vest-Agder med kort veg til Rogaland og Stavanger. I Sirdal finn du eit trygt og godt oppvekstmiljø og mange kultur- og fritidstilbod. Spesielt er høvene for friluftsliv unike, både sommar og vinter. Det er to kombinerte 1-10 skular og to barnehagar i kommunen, på Sinnes/Tjørhom og Tonstad, samt vaksenopplæring på Tonstad.

 

Rektor ved Tonstad skule
Synes du at skule og opplæring er ei av dei viktigaste oppgåvene i samfunnet?
Då har vi ei stilling for deg.


Sirdal kommune har ledig stilling som rektor ved Tonstad skule frå 01.08.2019. Skulen har om lag 200 elevar fordelt på 1. til 10.trinn.

Rektor er pedagogisk, faglig og administrativ leiar av skulen og har eit heilskapleg leiaransvar innanfor dei fullmakter som er gitt.  Rektor leiar skulen sitt leiarteam og har ansvar for skulen si pedagogiske utvikling.

Rektor vil vere ein del av skuleeininga sitt leiarteam, og samarbeida med assisterande rektor om administrative oppgåver og utviklingsarbeid.  Rektor rapporterer til einingsleiar for skulane.

Stillinga sine ansvarsområde:

  • Dagleg leiing av skulen si verksemd
  • Pedagogisk utviklingsarbeid
  • Personalleiing
  • Ansvar for skulen sitt driftsbudsjett
     

Vi søkjer etter deg som:

  • har skulefagleg kompetanse og leiarerfaring
  • kan leia, inspirera og vera med å vidareutvikla eit dyktig personale
  • har eit stort engasjement for elevane og deira læring
  • har fokus på god ressursutnytting og evner å bruke handlingsrommet som eit verkemiddel for utvikling av læringsmiljø
  • er tydeleg og har god kommunikasjonsevne
  • er målretta i ditt arbeid
     

Vi tilbyr:

Ei spennande leiarstilling på ein flott skule
Varierte arbeidsoppgåver
Løn etter avtale

Tilsetjinga skjer på dei vilkåra som går fram av lover, reglement og tariffavtalar.

Spørsmål om stillinga kan rettast til einingsleiar skule, Anita Heiaas Haugen på tlf 38379450/mob 93253818

Vi ber om elektronisk søknad.

Det skal ikkje sendast vitnemål og attestar med søknaden.  Ta desse med på eit eventuelt intervju.

Søknadsfrist:  2.april 2019