Sirdal kommune

Sirdal er ein attraktiv kraft- og reiselivskommune i Vest-Agder med kort veg til Rogaland og Stavanger. I Sirdal finn du eit trygt og godt oppvekstmiljø og mange kultur- og fritidstilbod. Spesielt er høvene for friluftsliv unike, både sommar og vinter. Det er to kombinerte 1-10 skular og to barnehagar i kommunen, på Sinnes/Tjørhom og Tonstad, samt vaksenopplæring på Tonstad.

 

SFO-leiar på Tonstad skule
Er du på jakt etter ein spennande jobb, der du kan bruke dine kreative eigenskapar?
Då er dette jobben for deg!


Sirdal kommune har ledig stilling som SFO-leiar i 100% ved Tonstad skule frå 01.08.2019.

Det er i dag ca 80 elevar som nyttar SFO-tilbodet ved Tonstad skule.
 

Vi søker etter ein person med pedagogisk høgskuleutdanning.

 

SFO-leiar har det daglege ansvaret for skulefritidsordninga og rapporterer til rektor, som har det overordna administrative og pedagogiske ansvaret for skulefritidsordninga

 

SFO-leiar må:

  • vere løysings- og utviklingsorientert
  • kunne arbeide sjølvstendig, og ha fokus på informasjon og service til dei føresette
  • kunne legge planar og ha ansvar for leksehjelp og den daglige drifta i SFO
  • vere ein tydeleg leiar som kan motivere og følge opp personalet
  • kunne administrere elev- og personalgrupper
  • ha stor innsatsvilje og godt humør
  • ha god IKT-kompetanse
  • ha fokus på å bygge gode relasjoner
     

Vi tilbyr:

  • eit inspirerande arbeidsmiljø med gode muligheiter for personleg og fagleg utvikling
  • løn og vilkår etter avtaleverket

Tilsetjinga skjer på dei vilkåra som går fram av lover, reglement og tariffavtalar.

Vi tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, forrett etter HTA eller ved overtal.
Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor ved Tonstad skule: Grethe Sole  på tlf 38379267/ mob. 94510264

Vi ber om elektronisk søknad.

Det skal ikkje sendast vitnemål og attestar med søknaden.  Ta desse med på eit eventuelt intervju.

Søknadsfrist:  2.april 2019