Ledige stillingar ved grunnskulane i Sirdal kommune

 

Sirdal kommune

Sirdal er ein attraktiv kraft- og reiselivskommune i Vest-Agder med kort veg til Rogaland og Stavanger. I Sirdal finn du eit trygt og godt oppvekstmiljø og mange kultur- og fritidstilbod. Spesielt er moglegheitene for friluftsliv unike, både sommar og vinter. Det er to kombinerte 1-10 skular og to barnehagar i kommunen, på Sinnes/Tjørhom og Tonstad samt vaksenopplæring på Tonstad.

 

Frå 01.08.2019 er det ledige stillingar ved begge grunnskulane i Sirdal kommune, både faste og vikariat.

  • Inntil 400% lærarstillingar totalt for begge skulane
  • Inntil 100% fagarbeidarstilling ved Tonstad skule (svangerskapsvikariat)

 

Tonstad skule er ein fulldelt skule med om lag 200 elevar og Sinnes skule er ein fådelt skule med om lag 45 elevar. Opplæringsmålet er nynorsk.

 

Kompetanse:

Vi søkjer lærarar med godkjent utdanning som grunnskulelærar/allmennlærar.


Vi ønskjer mellom anna lærarar med undervisingskompetanse på ungdomstrinnet i faga  norsk, engelsk og matematikk, samt lærarar med spesialpedagogisk fordjuping.
 

Kommunen ønskjer søkjarar med gode samarbeidsevner, god fagleg kompetanse, som er utviklingsorienterte og er opptatt av relasjonsbygging.

 

For stillingane gjeld:

Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Sirdal kommune har lokale tillegg på lønsstigen. 

Tilsettingsforholdet er med Sirdal kommune, ikkje den einskilde arbeidsstaden. Søkjarar kan ønskja arbeidsstad, men tilbod om stilling kan fråvika dette.

Vi tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, forrett etter HTA eller ved overtal.

 

Vi ber om elektronisk søknad.

 

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Det skal ikkje sendast vitnemål og attestar med søknaden. Desse ber vi deg om å ta med på eit ev. intervju. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest.

 

Spørsmål om stillingane kan rettast til:
Rektor Tonstad skule, Grethe Sole, tlf. 38 37 92 67 /mobil: 945 10 264
Rektor Sinnes skule, Åse-Berit Fidjeland, tlf. 38 37 93 90 /mobil: 945 21 258

 

Søknadsfrist: 2. april 2019