Vel møtt til utstilling i Galleri Sybjen:

Maleri og teikningar frå Ragnvald Jørgensen

Ragnvald Jørgensen (1899-1979) vokste opp på Fintland, og flytta til Bergen då han var 15 år. Han endte opp med å bli ein av dei mest markante pressemenn i Bergen gjennom tidene, som journalist og teiknar i Bergens Tidende, ofte kjend under psevdonymet «Jø». Han har budd ti år i Paris, der han studerte biletkunst, og han har delteke på Vestlandsutstillinga fleire gonger. Under krigen var han på Grini, og har gitt ut boka «Med blyant på Grini».

I Sirdal er det mange som har maleri og teikningar frå han heime i stovene sine. Eining for kultur er så heldig at me har fått låne inn eit utval av desse, og gler oss til å vise dei fram i Sigbjørn K. huset denne sommeren. Det vil òg bli historieforteljing ved besøk i utstillinga, her får du læra meir om det innhaldsrike og kreative livet til R. Jørgensen.

Åpningstider:

Måndag 5. juli kl. 18.00 - Åpning av utstillinga

Torsdag 8. juli kl. 18.00 - 20.00

Torsdag 15. juli kl. 18.00 - 20.00

Torsdag 22. juli kl. 18.00 - 20.00

Torsdag 29. juli kl. 18.00 - 20.00

 

Du kan òg vitja utstillinga utanfor åpningstid i juli, ta kontakt med oss

på kulturkontoret, så gjer me avtale om dette.

gko@sirdal.kommune.no / Tlf: 38 37 90 70