To flotte hagar – gode område for auge og sjel

Eining for kultur vil oppmode alle folk, både fastbuande og besøkjande, til å vitja dei flotte hagane me har. På Tonstad er det «Sigbjørn K. hagen» og på Kvæven er det «Medisinhagen». Her kan du nyte godvêret medan du går rundt og studerer alle dei fine plantene som er her. Me har merka planter og buskar, slik at det er lettare å sjå kva det er, samstundes som du kanskje kan lære noko nytt om planter. Meir informasjon her: Vel møtt til gode hageopplevingar i sommar