Sirdal Fjellmuseum

På fjellmuseet finner du en samling av flere bygg og gjenstander som viser den gamle bygdekulturen i Sirdal. Det eldste huset er fra 1770 årene. I sommermånedene tilbys guiding rundt på tunet.

Inne i hovedbygningen viser museumsutstillingen glimt fra dagliglivet i Sirdal gjennom flere generasjoner. Bruk og høsting av naturen var en viktig del av dagliglivet.

Det er også mulig å se film fra Sirdal ved fjellmuseet. Filmen gir glimt fra den langstrakte kommunen gjennom alle fire årstider. I tillegg kan en tilsvarende film fra kommunene Flekkefjord, Kvinesdal og Sirdal velges. Natur, kultur og folkeliv skildres.

I løpet av året holdes interessante utstillinger, konserter og andre arrangementer i museets lokaler. Den koselige peisestua er velegnet som selskapslokale for private anledninger eller møterom for foreninger og bedrifter.

Fjellmuseet tar også i mot større grupper. Det er mulighet for visning av film, omvisning på tunet og enkel bespisning. Dette må forhåndsbestilles.

Sirdal turistinformasjon er lokalisert til fjellmuseet. I tillegg til generell informasjon og brosjyrer, kan en også kjøpe fiskekort, kart, bøker, dvd, husflidsartikler, Sirdalsferies profilartikler med mer.

Åpningstider:
Sirdal fjellmuseum følgjer opningstidene til Turistinformasjonen, sjå her for oppdaterte tider:

Lokalhistorie

Ei av oppgåvene til eining for kultur er å forvalte den rike kulturhistoria ein har. Kjennskap til lokalhistoria skapar tilhøyrsle og identitet. Me har fleire bøker og filmar til salgs, med lokalhistorisk innhald. Desse kan kjøpast på biblioteket.

Veteranbussen Turisten

Bilde_1_Turisten.jpg
 
Turisten er kallenamnet på bussen som trafikkerte turistruta mellom Stavanger og Kristiansand på 60-talet.
Bussen vart rekna som eit flaggskip på Sørlandet, og den frakta passasjerar gjennom eit fantastisk landskap og gav dei minner for livet. Denne bussen var så flott at folk snudde seg etter den, der den kom køyrande gjennom dalstroka.
 
Om bussen
Bussen vart kjøpt inn av dåverande Sirdal og Gyland Bilruter i 1959 til ein pris av kr. 100.000. Det var ein høg pris, og mange lurte på om dette kunne gå godt. Men bilen var eit vidunder, med bua ruter framme og bua vindauge langs kanten av taket. Den var òg den fyrste bussen i selskapet si historie som hadde luftbremser. Bussen var bygd for komfort. Eksosen vart leia gjennom røyr under setene, slik at passasjerane ikkje skulle frysa under turane til høgheiene.
Bussen, K-11877, som aldri gjekk under anna namn enn Turisten, vart brukt på turistruta Stavanger – Kristiansand. Den var i mange år flaggskipet i selskapet sin busspark. Bussen er ein Volvo B725, med karosseri nr. 626 frå Brødrene Repstad karosserifabrikk. Etter å ha vore i bruk i 16 år, vart den i 1975 seld til eit tivoli, og har vore borte frå Sirdal fram til Rutebilhistorisk foreining greidde å spore den opp i 1998. Bussen var då i forbausande god stand, men mangla seter. I tillegg måtte den lakkerast, og knuste ruter m.m. måtte skaffast. Den sto i fleire år i garasjen til rutebilselskapet på Tonstad, medan ein venta på midlar til oppussing. Dei fyrste planane om restaurering gjekk i vasken på grunn av sjukdom og bortgang blant dei største entusiastane. Til slutt var det Sirdal kommune som tok initiativ og gjekk inn med midlar for å dekke kostnadane ved restaureringsarbeidet.
 
Bilde_2_Turisten.jpg
Det var Bjørge karosseri A/S i Skien som gjorde sjølve restaureringsarbeidet medan verkstaden på Tonstad fiksa motor, bremser, styresystem m.m. Manglande seter vart skaffa gjennom ein notis i bladet Rutebil. Arbeidet vart gjennomførd i 2003/2004 og bussen kom tilbake att på vegane i Sirdal – no som ein kuriositet.
 
Bruk av bussen i dag
Sirdal kommune har ansvar for veteranbussen. Den er i bruk om sommaren til turkjøring med guide om bord. Bussen er ein del av det faste turopplegget Guida turar på Sirdalsvatnet og vert elles brukt på kulturvandringar, til ulike grender kvart år.
 
Bilde_3_Turisten.jpg
Film om Turisten
Sirdal fjellmuseum har laga film om veteranbussen. I filmen vert ein kjend med fleire av dei gamle sjåførane, og dei kan fortelja mykje spennande frå turane med Turristen. Ein får òg kjensla av korleis det kunne gå føre seg på bussen, med ei reise tilbake i tid. Filmen er laga av filmskaparen Svein Rune Skilnand i 2009, og er til sals på DVD på biblioteket.
 
Kontaktperson for spørsmål m.m. knytt til veteranbussen Turisten
Sirdal Fjellmuseum v/museumsleiar. Telefon: 38 37 93 33

Sigbjørn K. huset

Bygdebøker

 
Sirdal - Gard og ætt, bind I
av Per Seland
Boka omhandlar: Dorga, Eigeland, Fidjeland, Handeland, Haugen, Kvinen, Kvinengrenda, Kvæven, Lindeland, Lunde, Nesset, Omlid, Ousdal, Ousdalgrenda, Sinnes, Skeie, Skreå, Solheim, Suleskar, Tjørhom, Totland, Tveiten, Valevatn, Vatnedal og Helleren, Ødegården, Øyestøl, Ådneram
Pris kr. 350
 
Sirdal - Gard og ætt, bind II
av Per Seland
Boka omhandlar: Bjunes, Bjørnestad, Espetveit, Feed, Finsnes, Finsneshei, Fintland, Furestøl, Hammersmark, Hompland, Kuli, Mydland, Osen, Regevik
Pris kr. 200
 
Sirdal - Gard og ætt, bind III
av Per Seland
Boka omhandlar: Austegarden, Guddal, Homstøl, Josdal, Knabeneset, Liland, Neset, Nygård, Rosstøl, Salmeli, Salmeligrenda, Seland, Skjørbu, Solhom, Tonstad
Pris kr. 200
 
Sirdal - Gard og ætt, bind IV
av Per Seland
Boka omhandlar: Haughom, Jødestøl, Listøl, Oftedal, Ovedal, Skibeli, Strandei, Øksendal
Pris kr. 200
 
Sirdal - Gard og ætt, bind V
av Per Seland
Boka omhandlar: Espetveit (Bakke), Hobmannsdal, Liland i Bakke, Skogestad, Sporkland, Stuhaug, Virak, Visland
Pris kr. 200
 
Sirdal - Kultursoge, bind VI
av Elisabeth Seland
Boka omhandlar Sirdal frå istida og fram til omlag år 1800.
Pris kr. 450
 
Sirdal - Kultursoge, bind VII
av Elisabeth Seland
Boka omhandlar Sirdal frå omlag 1800 til omlag 1960
Pris kr. 600
 
Pakkektilbod på kjøp av fleire bøker:
 
Sirdal - Gard og ætt, bind I - bind V
Samla beløp kr. 1.000
 
Sirdal - Kultursoge, bind VI + VII
Samla beløp kr. 1.000

Kulturhistorisk materiale vi har til salgs og utlån