Vel møtt på teater i Sirdal kulturhus!

Det nærmar seg igjen jul, og Teskjeikjerringa og gubben hennar tek det IKKJE med ro. Det vaskast, og det haustast, og det syngast og det masast.

Midt oppi all stria blir kjerringa rett som det er så lita som ei teskjei. Komplikasjonane står i kø for både kjerringa og gubben, noko det er lett å førestille seg.

Ta eit steg inn i denne hyggjelege familieførestillinga, og få ei musikalsk oppladding til jula, med musikken og historiane du kjenner så godt frå Alf Prøysen sitt univers.

Billetter kan kjøpes på servicetorget eller online ved å følge denne lenken: https://pay.ebillett.no/velg_antall.php?p_id=156&arrnr=1861&kanal=fw