Det var mange som hadde funne vegen fram til fjellmusèet på tysdag. Då var det temakveld med Tore Kvæven, og han fortalde om den nye boka si «Når landet mørknar».
Tore Kvæven har fått strålande anmeldelser for boka, og fleire har gitt han terningkast seks og kalla boka for eit mesterleg verk.
På fjellmuseet denne kvelden fortalde Tore Kvæven om sitt arbeid med research til boka og om korleis skriveprosessen hans kan vera.
Publikum fekk òg høyra eit par songer som døme på ulike stemningar som Kvæven kan finne i musikk, og som han òg prøver å skildra i bøkene.
Som avslutning las han opp eit avsnitt frå boka, til stor glede for dei frammøtte.
Etterpå var det boksal og signering og publikum fekk servert lappar og kaffi.

Eining for kultur vil takke alle som møtte opp denne kvelden, og er svært nøgd med arrangementet.