Sirdal kommune starta opp med eit heilt nytt skuleadministrativt system skuleåret 2019/2020

Visma Flyt Skole

  • Visma Flyt skole har ein føresettplattform, kor du kan ha tovegs kontakt med skulen.
  • Visma Flyt skole har òg ein foreldre-app "Min skole", for tovegs kontakt med skulen.
  • Me ønskjer at du set deg godt inn i informasjonen og brukarrettleiinga, loggar inn og gjer dei endringane som er naudsynt for at det skal vere ein god kontakt mellom skule og heim.
  • Rediger profilen din, med rett mobilnummer, e-postadresse m.m.  Du er sjølv ansvarleg for å halde
    ved like her og gjere endringar om du får t.d. nytt
    mobilnummer.  Når skulen har trong for å få kontakt
    med deg er det særs viktig at rett mobilnummer er
    registrert.

       (Klikk på bilde under for å komma til innloggingssida)

visma-672x372.png

Skulane i Sirdal kommune brukar frå skuleåret 2019/2020 Visma Flyt Skole (VFS) som skuleadministrasjonssystem.

Elevar, grupper, lærarar og føresette er registrerte i dette systemet kor fråvær, merknader og karakterar blir lagt inn.  I Visma Flyt Skole (VFS) handsamar me òg SFO-søknadar og administrasjon av SFO-plassar.
 

Føresette sin tilgang til Visma Flyt Skole (VFS)

Som føresett kan du logga på VFS med ID-porten (BankID/MinID)

Føresette brukar VFS til å mellom anna:

  • Sjekka at kontaktinformasjon og personinformasjon for elev(ar) og føresette er rett
  • Gje samtykke
  • Følgja med på fråvær, merknader, vurderingar og karakterar som er førte på eleven
  • Finna kontaktinformasjon til kontaktlærar/klassestyrar
  • Søkja, seia opp eller endra SFO-plass
  • Sjekka fakturagrunnlaget for SFO-plass
  • Sjå kva for faggrupper og faglærarar eleven har

 

Brukarrettleiing:

.

Har du problem med tilgang?

Dersom du har problem med tilgang som føresett, tar du kontakt med skulen.

 

"Min skole" – føresett-app

"Min skole" – føresettapp har desse hovudfunksjonane:
* Senda og motta meldingar mellom føresette og skule
* Føresette kan registrera fråvær på eigne barn
* Føresette kan få varsel frå skulen om fråvær/merknader
* Tilgang til digitale skjema via lenke i app-melding

Det er viktig å minna om at føresette IKKJE må senda SENSITIV informasjon, t.d. helseopplysningar, i appen eller e-post til skulen.

Appen bør først og fremst brukast til kortare meldingar.  Kontakt skulen på telefon, eller avtal eit møte, dersom det er behov for å gje informasjon som ikkje passar seg i appen.
 

Føresetnader for å bruke appen
* Du må lasta ned appen frå Google Play (Android) eller AppStore (iPhone).  Appen heiter
   "Min skole – foresatt"
* Den første gongen du loggar inn i appen, må du logga på med ID-porten (BankID/MinID)
  og oppretta ein personleg pin-kode.

Slik brukar du appen

  • Når du har logga inn i appen, vel du kva for eit barn det gjeld.
  • Deretter vel du om du skal lesa eller senda melding, eller om du vil melda eit fråvær.
  • Dersom du vil senda melding til skulen, kan du velja ein eller fleire mottakarar frå ei liste i appen, der du òg ser kva for rolle dei har i høve til barnet ditt. Kven du kan senda melding til, vil vera avhengig av oppsettet som er gjort på skulen.  Det kan t.d. vera:
    - kontaktlærar
    - faglærar
    - SFO-leiar
  • Når du melder fråvær, blir dette registrert rett inn i det skuleadministrative systemet, og blir synleg for både SFO-tilsette og eleven sine lærarar.
  • Bruk fråværsfunksjonen, og ikkje meldingsfunksjonen, til å melda fråvær.  Meld fråvær så tidlig som mogleg, seinast kl. 10.00.
     

Som føresett kan du endra på dine eigne varslingsinnstillingar innanfor det den enkelte skule har lagt til rette for.  DÅ må du logga inn i fullversjonen av Visma Flyt skole (https://skole.visma.com/sirdal), og deretter velja "varslingsinstillinger" på framsida.

 

Alle meldingar som blir sende mellom føresette og skulen i appen, vil bli lagt på eleven si meldingsfane i VFS, og blir arkivert som digital meldingsbok ved slutten av skuleåret i samsvar med arkivlova.

Sjå Visma si eiga informasjonsside for føresette https://www.visma.no/skoleadministrasjon/grunnskole/skole-app/

 

Føresette som ikkje har smarttelefon

Føresette som ikkje har smarttelefon og/eller nettbrett, kan ikkje ta i bruk appen, men må logga inn på fullversjonen av Visma Flyt skole og sende meldingar til skulen derfrå.

 

Visma Flyt skole – ofte stilte spørsmål
* Eg får ikkje logga inn frå mobiltelefon – kva gjer eg feil?
            Innlogginga til Visma Flyt Skole er i utgangspunktet tilpassa dei tilsette si
            innlogging på mobiltelefon eller nettbrett. Dersom du får opp mobilsida med
            overskrift "Visma Flyt Skole - Ansatt", må du klikka på "Fullversjonen av Visma
            Flyt Skole" for å logga på som føresett. Føresette loggar på med ID-porten
            (MinID/BankID).

* Korleis gjev eg beskjed til skulen når barnet er sjukt?
            Logg inn i "Min skole" føresette-appen og meld fråvær, eller logg inn i
            fullversjonen av Visma Flyt skole og meld fråvær.
            Klikk på «Meld fravær» og registrer inn ønska fråvær (standard er heile dagen), og  
            merknad. Klikk send for å registrere fråværet. Fråværet vil bli registrert på barnet i
            Visma Flyt Skole.  Ved feilregistrering kan føresette redigere innlagt fråvær.

* Korleis søkjer eg om fri/permisjon for barnet mitt?
            Du finn søknadsskjema ved å logga inn på  Visma Flyt Skole og velgja knappen
            "Søknader" på framsida.

* Eg får ikkje gje eller endra samtykke, korleis gjer eg dette?
            Før du kan redigera samtykke, må du først registrera generelt samtykke.
            Det gjer du ved å klikke på "Generelt samtykke" på framsida av foreldresida til  
            Visma Flyt Skole. Deretter kan du gå inn på det enkelte barnet og redigera
            samtykke. Klikk på lenka "Rediger" til høgre for kvart samtykke.