Lars Galdal skal ha si fyrste separatutstilling i Sirdal:

Lars Galdal og maleri.jpg

Mektige fjell i vinterdrakt

Med akrylmaling og palettkniv som sitt viktigaste verktøy, gjenskapar Lars Galdal sine mektige augeblikk frå høgfjellet, og dei har han gjennom åra hatt mange av. Galdal har tidlegare vore med på ulike kollektive utstillingar, men er no klar for si fyrste separatutstilling. Han håper mange vil ta turen til Galleri Sybjen på Tonstad, utstillinga er open i vinterferievekene. Etterpå er den tilgjengeleg i påskeveka på Turistinformasjonen, Kvæven.

Bilde Utsnitt frå to maleri Lars Galdal.jpg

Lurte seg til å gå på kunstutstilling

Lars Galdal er oppvaksen på Fjotland og har alltid vore glad i fjell og hei. Etter utdanninga på lærarskulen flytta han til Knaben der han arbeidde som lærar i fleire år. Seinare har han budd andre stadar, m.a. Røldal, Odda og Bykle, men dei siste åra har han budd heime att på garden på Fjotland.

Interessa for biletkunst blei vekt i han under tida på lærarskulen. I formingsfaget opplevde han at det å arbeida med fargar gav han kjensla av å få til noko. På denne tida var han òg veldig interessert i å vitja ulike kunstutstillingar. Medstudentane var ikkje det, så det hendte fleire gonger at han lurte seg vekk og vitja eit galleri, der kunne han sitja lenge åleine og betrakta kunst.

Samlar opplevingar frå naturen

Galdal samlar opplevingar og inntrykk når han går på heietur. Det er desse opplevingane han prøver å formidle i maleria sine. Han har alltid vore fascinert av fjellet, av samspelet mellom lys og skygge som endrar landskapet i små augeblikk, noko han tykkjer kjem særs godt fram når sola treff nysnøen. Nokre gonger er det reelle stadar han prøver å gjenskapa, andre gonger er det helst opplevinga av augeblikket som er det viktigaste å formidle vidare. Han hentar motiv m.a. frå Knabenheia, Kviheia og Nesjen.

Fyrste gong han opplevde eit av desse sterke inntrykka som han berre måtte gjenskapa, var i tida då han budde på Knaben. Etter heieturen, fòr han inn att i huset og malte dette motivet fort ned med fingrane sine. Seinare har det blitt mange maleri, og han utvikla seg mykje i tida då han budde på Odda. Her var han med i ei kunstforeining og gjekk på malekurs. Det var fjell og hei som var favorittmotivet hans då òg, men teknikken var oljemaling og pensel – det var eit heilt anna uttrykk enn han har utvikla i dag. Eit av desse tidlegare oljemaleria vert med til Tonstad på utstilling.

Kjærleik ved fyrste blikk

Det er særs det siste året at Galdal har funne fram til «sitt uttrykk» i biletkunsten. Han deltok på eit malekurs kor han prøvde å bruka palettkniven framfor penselen. Dette gav ham ei sterk oppleving, ja det var nesten som kjærleik ved fyrste blikk. Endeleg, med å bruka denne teknikken, lukkas han med å gjenskapa opplevinga av fjellet og sollyset akkurat slik som han ville. Han brukar palettkniven til å leggja malinga på plata han nyttar som lerret. Han legg malinga på og nærmast skraper den utover, dette gjer han lag for lag og i fleire omgangar.

Med denne teknikken tryller han no fram dei mektigaste fjell og heiemotiv. Han har lenge hatt ein svært begrensa palett, kor han berre har brukt fire fargar. Men den siste tida han han begynt å tilføra litt meir farge i bileta, slik at ein kan skimta litt haustfargar gjennom snøen.

Kunstnarlivet på Fjotland

Heime på prestegarden i Fjotland er dei i gong med å laga det gamle stabburet om til eit galleri. Her vil Galdal etter kvart stilla ut maleria sine, slik at folk kan koma å sjå. Elles har han laga si eiga «kunstnarstova» her i prestegarden, og bruker mykje av tida si her. Han er aktivt medlem av Kvina Kunstnarlag som har felles maledag ein dag i månaden, i tillegg til at dei arrangerer to større utstillingar i året.

Utstillinga på Tonstad

Det vert opning av utstillinga sundag 16. februar kl. 13.00 til 15.00, og den vil elles vera tilgjengeleg for publikum i vinterferievekene (veke 8 og 9). Etterpå reiser utstillinga litt lenger opp i dalen, til Kvæven. Der er den tilgjengeleg for publikum i Turistinformasjonen kvar dag i påskeveka.

Utstillinga syner dei nyaste maleria til Lars Galdal - mektige fjell i vinterdrakt. I tillegg kan besøkjande bli litt kjend med noko av hans tidlegare arbeide. Utstillinga er på Galleri Sybjen, bak rådhuset i Tonstad sentrum. I dette huset budde tidlegare Sigbjørn K. Tonstad som m.a. var ordførar i gamle Tonstad kommune og hadde fleire politiske verv gjennom mange år. Han var òg med å starta arbeidet med bygdebøker for Sirdal. Elles var «Sybjen» bonde, og ein original med glimt i auga som ein har mange gode historier om. Besøkjande i galleriet vil i tillegg til biletkunsten få læra litt om Sybjen. Det er kommunen som eig huset i dag, og nyttar det til m.a. utstillingar, møteverksemd om mindre aktivitetar.

Arrangør/kontaktinformasjon

Eining for kultur, Sirdal kommune, 4440 Tonstad. Telefon: 38 37 90 70 / 38 37 90 72 eller e-post til gko@sirdal.kommune.no / ash@sirdal.kommune.no