Markering i Sirdal:

Frigjøringsjubileet 2020 – 75 år sidan krigen tok slutt

Sjå markeringa direkte kl. 12.00 på: https://nb-no.facebook.com/sirdalkommune/

I år er det 75 år sidan krigen tok slutt. Dette hadde ein tenkt å markera med eit større arrangement på Tonstad, fredag 8. mai. På grunn av korona-situasjonen og dei tiltaka som er innførd for å hindra spreiing av smitte, så vert dette arrangementet gjort om til ei mindre tilstelling for særskild inviterte. Seansen med kransnedlegging og appell ved minnestøtta i Stronda vert filma og streama direkte på facebook for alle som ønskjer å sjå dette. Dette vert fredag 8. mai frå kl. 12.00. Gå inn på facebooksida til Sirdal kommune.

Minnestøtta Stronda.jpg

Bilete frå minnestøtta i Stronda, Tonstad. Ikkje alle fekk oppleva freden 8. mai 1945. Desse to sirdølane blei drepne ved bombinga på Knaben gruver 3. mars 1943: Tobias Rostøl (f. 13.10.1887) Magnus Tonstad (f. 09.12.1918). Denne støtta er også eit minne om alle dei sirdølane som blei helseknekte av steinstøv på Knaben gruver. Mange døydde  i ung alder frå familiane sine.

Frigjeringa 1945 Sirdal.jpg

Bilete frå frigjeringsdagane 1945, improvisert folketog for å markera at krigen var over.

Bilete til venstre: Folketog på Øksendal for å feira frigjeringa. Folket i bygda frå Haughom til Ovedal samla seg i gledestog på Øksendal etter fredsbudskapet frå 8.mai 1945. Toget gjekk dei den 9.mai. Kjelder fortel at "alle" var med og gjekk i dette toget, og gleda var ufatteleg stor for endeleg å vera frie att etter krigen, og å kunna vaia fritt med flaget. (T. Dahl si biletsamling KBS 0078)

Bilete til høgre: Improvisert tog på Tonstad, kvelden 7. mai 1945. Dette bilete er tatt om kvelden den 7. mai på Tonstad. Folk samla seg og gjekk eit improvisert tog for å feira etter at dei fyrste fredsmeldingane hadde kome.