Eining for kultur vil oppmode alle folk, både fastbuande og besøkjande, til å vitja dei flotte hagane me har. På Tonstad er det «Sigbjørn K. hagen» og på Kvæven er det «Medisinhagen». Her kan du nyte godvêret medan du går rundt og studerer alle dei fine plantene som er her. Me har merka planter og buskar, slik at det er lettare å sjå kva det er, samstundes som du kanskje kan lære noko nytt om planter. Det er laga hefte, som du kan få ved Turistinformasjonen, kor du kan lesa meir om dei ulike plantene. 

Her kan du laste ned heftet: Planter i Sigbjørn K. hagen

Her kan du ta med deg nistepakken og nyte godvêret! Det er òg lov til forsyne seg av dei mange fruktene og bæra som fins her, t.d. blåbær og tyttebær (Kvæven). Rips, solbær og eple (Sigbjørn K. hagen). Det er den estiske kunstnaren Jaröna Ilo som har stelt fram desse uteområda, med god hjelp frå Inger Frøsland, som er nabo til Sigbjørn K. hagen. Områda er ein stor glede både for auge og sjel!

Bilete av merket planter Sigbjørn k hage.jpg

SIGBJØRN K. HAGEN (Tonstad, bak bakeriet/rådhuset)

I Sigbjørn K. hagen er det mange gamle staudar og rotekte roser. De er mange folk på Tonstad som har gjeve avleggarar frå hagane sine til Sigbjørn K. hagen. Her er òg buskar med rips, bringebær, solbær, stikkelsbær og fleire gamle epletre med eple som er perfekt til kake! Ein vil oppmode alle til å ta turen innom å forsyne seg av dette ”naturlege snopet”. Det er stor og flott plen kor du kan slenge deg nedpå i sommarvarmen. Hagen er open for alle, ta med deg nistepakken, og kanskje ei god bok – og tre inn i hagen!

Nytt bilete Medisinhagen Kvæven 2020.jpg

MEDISINHAGEN PÅ KVÆVEN (Bak hovudbygning, Sirdal fjellmuseum)

På Kvæven er det ein flott og lærerik medisinhage. Her kan du gå rundt å lese på skilta og kjenne på mange av dei ulike luktene frå urtene. Dersom du er interessert i å læra meir om dei medisinske urtene i hagen, ta kontakt med Turistinformasjonen her.