«Eliastunrokken» frå 1857

Sirdal kommune har fått denne gamle rokken i gåve frå Kolbein Fintland.

Rokken er frå 1857 og har tilhøyrd Adlaug Gunnarsdotter Tonstad f. 20.4.1835 (Br.1 «Indre Hauan») gift 24.4.1857 med Evert Gundersen Tonstad d.y. (Br.5 «Der nere» - «SybjenKhuset»).

Det var Kolbein som fann denne flotte rokken. Berre halve rokken var bevart, men Jens Josdal har tilførd nye element (snelle, hjul og ein ny fot) i sin snekkerverkstad, slik at ein får sjå korleis heilskapen i rokken har vore.

Eliastunrokken.jpg

Sirdal kommune er svært glad for å ha fått denne rokken. I fyrste omgang vert den utstilt på biblioteket slik at alle kan få sjå den. Så får ein sjå om den får ein anna fast utstillingsstad etter kvart.

På biblioteket vert det òg stilt ut bøker med tema strikking, behandling av ull og tredreiing. Utstillinga er tilgjengeleg i haust på biblioteket, f.o.m. i dag, onsdag 9. september.

Velkomen til biblioteket!

Bilde 2 Utstilling Bibliotek.jpg