Indre Hauan har mange mysterium, kanskje du kan hjelpe oss?

Eit gamalt hus er ei viktig kjelde til historia, her kan me læra om gamle handverksteknikkar og tekniske løysningar frå ei tid som ikkje  lenger er. Hand i hand med bygningen si historie, får ein eit gløtt inn i ei anna tid, og får læra om korleis kvardagen var med ulike skikkar og gjeremål.

Indre Hauan er rik på historie! Her er det mange interessante kapittel som fortel historie. Sirdal kommune ønskjer å samla inn informasjon, og kartleggja så mykje ein kan om bygningen si historie og alle dei særeige bygningstekniske element som er her.

Me kjem til å leggja ut informasjon om ulike tema, der ein òg etterlyser lokalkunnskap, og vil vera svært takksam om nokon tek kontakt for å gi oss meir informasjon. Kontakt oss gjerne på:

Øyvind Moen, eigedomsavd, Telefon: 952 46 098 / E-post: Oyvind.Moen@sirdal.kommune.no

Gudrun Kristine Ovedal, kulturavd, Telefon: 38 37 90 70 / E-post: gko@sirdal.kommune.no

 

Tema 1 – Gamle profilhøvlar

Bilde 1 Gamle profilhøvlar.jpg

I kjellaren på Indre Hauan er det to inngangar, og det er bevart ei av dørene. Denne døra vil me laga ein nøyaktig kopi av. Døra som er bevart har vore inn frå gateplan til butikken (eller «kråmbua» på dialekt) som var i huset. Døra er kledd med panel, og denne panelen har ein gamal profil som me vil kopiere. Me har ikkje funne nokre profilhøvlar i huset, så me vil difor etterlyse om nokon kan ha liggjande gamle profilhøvlar heime. Kanskje i ein gamal kasse på loftet, eller i bua. Me er veldig interessert i å få låne denne for å sjå om det kan vera rett profil, og for å få registrert gamle høvlar.

Profilhøvel: Høvel som vart brukt til å laga golvlister, eller listverk for tak, vindauge eller dør. Profilen kunne òg bli nytta på møblar. Profilen vart høvla for hand.

Bilde 2 Gamle profilhøvlar.jpg

Bilde 3 Gamle profilhøvlar.jpg

 

Her er utskriftsvenleg versjon / fil du kan dele vidare:

Tema 1 Gamle profilhøvlar