Sirdal kommune arrangerte guida tur til Holmen, onsdag 14. juli, og det vart ein svært vellykka tur. Vêret var upåklageleg og Sirdalsvatnet synte seg frå si beste side.

Turen gjekk frå «gamlebrygga» på Tonstad, og her fekk publikum høyra historie frå den gong då dette var sentrum og vatnet var det som knytta folk saman. I gamal tid var det slik at dersom ein skulle til byen (som var Flekkefjord) så måtte ein ro. Det var ikkje berre folk frå Tonstad og grendene rundt, men òg frå Fjotland (Risnes og Netland) gjekk folk over heia til Tonstad. Her leigde dei båt og «fraktemann», reiste nedover vatnet til Flekkefjord for å handla, og same vegen i retur. Ei slik reise for ein fjotlending tok ei veke (!). Dette var før dampbåten Fram kom i 1885 og gjekk i rute på Sirdalsvatnet, etter den tid vart det enklare å planleggja ein bytur.

Ingressbilde Flott reise Sirdalsvatnet.jpg

På tur ut frå «gamlebrygga» på Tonstad og kurs mot Holmen. Undervegs fekk publikum sjå restar etter ei gamal oppgangssag frå 1500-talet. 

02 Bilde frå Sirdalsvatnet.jpg

Historieforteljing ombord i båten.

03 Bilde frå Sirdalsvatnet.jpg

Nykkhedlaren. Frå gamalt av hendte det at nokon av dei som rodde på Sirdalsvatnet overnatta inne i denne grotta. Elles kan namnet peike mot «nøkken», eller sjøormen, som nokre gonger tok seg turen opp frå Lundevatnet for å herja litt her i Sirdalsvatnet.

04 Bilde frå Sirdalsvatnet.jpg

Historieforteljing på Holmen. Der fins eit gamalt funn av gull på Øksendal som vert knytta til eit segn frå Holmen. Her får publikum høyra den dramatiske historia om då dronning Astrid måtte flykta avgarde med son sin, Olav Tryggvasson. Dei hadde sendemenn etter seg som ville drepa den lille guten, men dei fekk hjelp av virlendingar (folk frå Virak) til å gøyma seg her på Holmen.

06 Bilde frå Sirdalsvatnet.jpg

Publikum hadde ei flott stund på Holmen.

05 Bilde frå Sirdalsvatnet.jpg

Guide Gudrun og fraktemann Sturla serverte korteiste jordbær og langreiste blåbær.

 

Takk til Astrid Tjørhom, Kate Tjomlid og Ingvil Ovedal som tok desse flotte bileta på turen.