Onsdag 4. mai var det ein særs interessant billedkveld på biblioteket, Tonstad.

Bevaring av gamle foto er ei viktig oppgåve for kommunen. Dei er kjelder til historie og lokale skikkar, og gjev oss eit innblikk i ei tid som ikkje fins lenger. I bevaringsarbeidet handlar det om å samle inn og scanne desse bileta, og like viktig er å få skrive ned informasjon om desse.

På onsdag hadde kulturkontoret/biblioteket invitert alle som ville, til å koma med gamle foto. Det var fleire som fann turen til oss denne kvelden, og me fekk registrert mykje ny informasjon om bileta og ulike område av lokalhistoria. Det vart ein vellukka kveld, med interessant prat over kaffikoppen.

Takk til alle som kom!

Bileta skal leggjast ut på nettsida Agderbilder.no. Her finn de òg heile fotosamlinga frå T. Dahl i digital versjon. Ta gjerne kontakt med oss om du har gamle bilete eller har andre spørsmål.

Kulturkontoret / 38 37 90 70 / gko@sirdal.kommune.no

 

Her er nokre av bileta som kom inn denne kvelden:

img020 Gamle foto

Matpause på smietaket. Truleg er dette på taket av ei smie som var satt opp under arbeidet med vegstrekninga Haughom-Tonstad. Moro å sjå ein slik "daglegdags" situasjon, der dei har teke av seg sko og tek ein pause på taket av smia. Personane er, frå venstre: Ingolf Øksendal, Arvid Netland, Arthur J. Øksendal, Børild Øksendal.

img002 Gamle foto

Her ser me transport av varer for turistar, med hest og slede på veg inn til Gravvasstølen. Det er interessant å lære om tidleg turisme i Sirdal. Nokre tradisjonar lever endå, men i dag er hesten bytta ut med snøscooter.

001 Gamle foto

Dette bilete synar Gunnhild Alette Haughom på veg over brua ved Sagåne. Ho er på veg heim frå stølen (Atlakstøl, Josdalsheie) med geitene, etter å ha "støla" der om sommaren. Bilete er ikkje datert, men det er frå før krigen. Historien bak bilete er ganske finurleg. Det var nemleg ein engelskmann som var på tur her i Sirdal, og budde på gamle Ousdal hotell. Han var rundt og fotograferte i området. Ei stund etter at han hadde reist heim att, hadde han sendt kopi av bileta han tok, til dei på hotellet. Dei kjende straks att Gunnhild på dette bilete, og ga det så vidare til henne. Det er eit flott foto, og ei god skildring av heimturen frå stølen.