I årets julehefte, Glædelig Yule! Minner og hilsener fra det norske America, er det fleire flotte fotografi frå sirdølen Ole Sigbjørnsen Leeland (Liland), som emigrerte til Amerika i 1889.

Heftet er laga av Håvard Mossige og Cynthia Elyce Rubin. Sistnemnde har i fleire år søkt etter informasjon og fotografi frå Ole Sigbjørnsen Liland, og i 2001 var ho her i Sirdal for å vitja garden han kom frå og treffe slekta hans.

Cynthia har sendt ein e-post til  kulturkontoret for å tipsa om årets julehefte, kor det er ein fin presentasjon og fleire fotografi frå denne sirdølen. Kanskje sirdølar vil finna dette interessant å lesa meir om.

Han var oppvaksen på på Liland, og var 17 år då han reiste til Amerika for å få seg arbeide. Her var han innom ulike bransjar, før han i 1904 starta sitt eige fotostudio i Mitchell i Sør-Dakota.

Cynthia har tidlegare skrive om Ole Sigbjørnsen Leeland i tidsskriftet Postkortet, nr. 3 2019. Her fortel ho om fyrste gong ho kom over eit fotografi frå Leeland, ho vart så fascinert av dette at ho begynte å søkja etter fleire bilete og meir informasjon om denne ukjende og talentfulle fotografen.

I årets julehefte, Glædelig Yule! Minner og hilsener fra det norske America, kan du sjå fleire flotte fotografi frå han. Me har dette julehefte på biblioteket, så ta gjerne turen innom her for å sjå nærare på det.