Tenesta er enkel å bruke og du får ein god indikasjon på kva for energitiltak som er lønsame for deg. Om du er raskt ute kan du også få vegleiing frå ein profesjonell energirådgivar.

Sirdal kommune gjennomfører i 2023 ein klima- og energirådgjevingskampanje retta mot hushaldningane. Rådgjevinga skal bidra til å redusere energibruken og straumrekningane. Å bruke mindre energi, er også eit godt klimatiltak.

Energianalyse på nett

Verktøyet Energiportalen gjer det mogeleg å få ein objektiv nettbasert energianalyse av bustaden din. Gå til sirdal.energiportalen.no og søk opp bustaden din. Du får vegleiing om korleis portalen skal nyttast.

Digital synfaring med energirådgjevar

Om du er raskt ute kan du også avtale ei digital synfaring med ein profesjonell energirådgjevar. Energirådgjevaren vil kunne hjelpe deg med smarte klima- og energiløysingar tilpassa din bustad og økonomi. Dette er eit kampanjetilbod avgrensa til fem timar per kommune. Gå til kalender for å finne ledige tider.

Kampanjen er finansiert av Agder fylkeskommune og vert levert i samarbeid med kommunane i fylket. Tenestane og rådgjevinga er levert av Simenergi AS og EEFFY AS.