Bilde Førjulshandel Tonstad 2019.jpg

Vel møtt til Førjulshandel på Tonstad - Laurdag 14. desember.

Denne dagen har dei ulike butikkane gårr i lag for å laga litt ekstra førjulshygge for sine kundar. Hos dei fleste vert det mange gode tilbod. Me lovar god stemning, eit godt vareutval, god mat og mykje meir.

Meir informasjon om dagen er å finna på Facebook, under hendinga "Førjulshandel i Tonstad sentrum 2019" eller på dei ulike butikkane sine Facebooksider.

Her er litt informasjon om det som skal føregå:

Bildeplakat Galleri Sybjen.jpg

Galleri Sybjen (Sigbjørn K. huset) / open kl. 10.00 - 14.00

Her er salsutstilling av kunst- og husflidsprodukt. I tillegg er det utstilling av andre kulturhistoriske gjenstandar. Servering av kaffi.

Bilde Jul på Biblioteket.jpg

Sirdal Folkebibliotek / open kl. 10.00 - 14.00

På biblioteket er det juleverkstad, og du kan lage din eigen "stygg julegenser" (ta med ein gamal genser). Elles kan du lage lenker og julekorger av gamle bøker.

 

Babtistkyrkja / open kl. 12.00 - 16.00

Velkomen til ei koseleg julestove, kaffe og vafler. Her kan du ta deg ein pust i bakken i denne adventstid. Litt salg av ulike artiklar. Det blir åpent i heile bygget, så alle kan ta seg ei vandring.

 

Tonstad bakeri / open kl. 07.30 - 16.00

Her er gode tilbod denne dagen, m.a. på Julebrød, Smultringer og 7 sortar julekaker. Gratis kaffe på kanna.

 

Nærbutikken Tonstad / open kl. 08.00 - 21.00

Tradisjon tro så vert det knalltilbod på Berentsens julebrus denne dagen. I tillegg har ma mange andre gode tilbod. Kraftkoret kjem òg for å synga julesonger. Det vert servering av gløgg, peparkaker og god stemning.

 

9. klasse frå Tonstad skule / stand på Nærbutikken og Coop kl. 09.30 - 15.30

9. klasse selger lodd til 5 kr stk, med gode sjanser for å vinna småkaker til jul. I tillegg selger de gode bambussokker. Inntekten går til skuletur med Aktive fredsreiser 2020.

 

B20 Brewpub / tilbud på mat kl. 11.00 - 15.00 

Vi ønsker å invitere alle til oss for kjempetilbud på nydelig italiensk pizza og en fantastisk Angus hamburger 200g. Tilbudet gjelder kl. 11.00 til 15.00. Vi serverer også gratis kaffe.