Har du gamle foto liggjande på loftet eller i ei skuff?

 

Kulturkontoret inviterer til foto– og scannekveldar denne hausten.

Målet er å få scanne inn gamle foto og skriva ned informasjon om desse.

    Onsdag 13. oktober kl. 17.00 - 19.00

    Torsdag 4. november kl. 18.00 - 20.00

Bevaring av gamle foto er ei viktig oppgåve. Dei er kjelder til historie og lokale skikkar, og gjev oss eit innblikk i ei tid som ikkje fins lenger.

I lokalhistorisk samanheng har me tatt vare på foto frå ulike samlingar og scanna desse inn. Dei er tilgjengeleg på internettsida Agderbilder.no.

Men me er òg svært interessert i å få scanna inn dei foto som privatpersonar kan ha tatt vare på, eller lag/foreiningar og bedrifter.

 

Dersom du har gamle foto, så håper me du vil ta dei med, og ta turen til biblioteket ein av desse kveldane.

Det vert enkel servering. Vel møtt!