Laurdag 14. september kl. 10.00 - 16.00 / Sirdal fjellmuseum, våningshuset:

Nytt bilete HOLDBART.jpg

Utstilling og fikselaug

- Markering av Kulturminnedagene og Husfliddagen.

Kva blir framtidas kulturarv? I ei tid der klesindustrien har skulda i store klimautslepp blir me tvungne til å tenkje meir over forbruket. Tidlegare var det sjølvsagt at ein fiksa klerne til seg sjølv og til borna. Kva gjer me i dag?

I høve Kulturminnedagane og Husfliddagen vil Sirdal Fjellmuseum og Sirdal Husflidlag gå saman om å syna korleis ein enkelt kan fiksa, lappa, eller gjera om gamle klede. Me vil og setja opp ei lita utstilling i gamlahuset med kler - og fellesnevnaren er HOLDBART og Framtidas Kulturarv.

Arrangementet er gratis, og det vil vera mogleg å kjøpa rundstykker, kake og kaffi.

 

Arrangør: Sirdal fjellmuseum og Sirdal husflidslag