Vi vil minna om at det er bandtvang i utmark og innmark i heile Sirdal kommune frå 1. april til 1. november.

Vis omsyn til rådyr og anna vilt! Ha gjerne hunden i band også utanfor perioden med bandtvang, særlig i situasjonar med mykje laussnø. Hundar skal, i følgje hundelova, alltid passast slik at dei ikkje driv eller forfølgjer vilt.

Det er ikkje tillat å drive jakthundtrening utan samtykke frå grunneigar, jf. hundelova § 8.