Frå sak 15/10 Utval for oppvekst og levekår, Adressenamn i Sirdal kommune, vart det gjort vedtak om tildeling av adressenamn.

Adressenamna vart deretter sendt vidare til Stadnamntenesta, og der vart det gjort vurderinga av namn og skrivemåte. Ein del av adressenamna vart godkjende, men for andre namn bad dei Kartverket om å reise formell namnesak på namnet. Sirdal kommune har venta på vedtak her før ein kunne ta desse adressenamna i bruk. Bakgrunn for at det vart reist namnesak var i tilfelle der ønskje skrivemåte ikkje var i tråd med norsk rettskrivingsprinsipp (der Sirdal kommune ønskje å vektleggja lokal uttale), eller at Adressenamnet besto av eit stadnamn/gardsnamn som ikkje hadde avklart skrivemåte for offentleg bruk. Sirdal kommune har mottatt fleire vedtak i løpet av denne perioden, og har tildelt adressenamn fortløpande ut frå dette. Per i dag har ein tildelt omlag 92% av veiadressene.

Når det gjeld gjeld skrivemåte av namnet Donsen, så har Kartverket gjort vedtak om at dette skal skrivast Dunsen.

Sirdal kommune meiner at denne skrivemåte ikkje er i samsvar med tradisjon og lokal uttale, og har difor sendt inn klage på dette vedtaket.

Informasjon:

Vedtaksbrev

Klagebrev frå Sirdal kommune

Kunngjering Oppstart av klagesak