Arrangement under planlegging:

Bilde Teaser Heim te jul.jpg

Eining for kultur planlegg ein julekonsert med lokale artistar, og målet er å få til ei god blanding av «utflytta sirdølar» som skal heim for julefeiring, og aktørar som bur her fast. Førebels dato for konserten er laurdag 21. desember, og stad er Sirdal kulturhus.

Me søkjer difor etter aktørar i alderen 16 til 100 år, som har lyst å bli ein del av sceneprogrammet denne kvelden, det kan vera som soloartist, band, kor, diktlesing m.m.

Har du lyst til å vera ein del av denne julekonserten, eller kjenner du nokon som kan vera aktuelle? Då ber me deg sende inn din interesse til oss, helst så snart du kan og innan 13. september.

Meld inn din interesse til: gko@sirdal.kommune.no

Ta gjerne kontakt med oss på kulturkontoret dersom det er spørsmål eller du ønskjer meir informasjon. Telefon: 38 37 90 70 / 38 37 90 72