Informasjon om prisar og stipend – Sirdal kommune

Sirdal kommune håper mange av innbyggjarane vil melde inn forslag til kandidatar for Kulturprisen og Byggeskikkprisen 2021. I tillegg vil ein oppmode aktørar innanfor kulturfeltet til å søkja om Kulturstipend eller Idrettstipend. Frist for å sende inn til oss er: 15. desember 2020.

 

Kulturpris

Kulturprisen skal vera ein stimulans til kulturlivet i kommunen, og vert tildelt for særleg fortenestefullt arbeid innanfor ramma av heile det utvida kulturomgrep. Prisen er i fyrste omgang tiltenkt enkeltpersonar som innanfor eit eller fleire kulturområde har virket som verdfulle rådgivarar, nyskaparar og verdibevararar.

Innanfor det frivillige organisasjonsarbeidet vil dei som er med på å skape aktivitet vera kandidatar og ikkje dei aktive sjølv som drar nytte av slik innsats. Prisen kan òg tildelast grupper av personar og organisasjonar.

Tildeling av prisen skjer etter forslag frå enkeltpersonar, frivillige organisasjonar og kulturinstitusjonar. Utval for oppvekst og levekår kan også sjølv finna fram til aktuelle kandidatar. Utvalet gjer vedtak om kven som skal få prisen, og tek avgjersla frå år til år om den skal delast ut. Kulturprisen består av diplom, skjold og gåvesjekk på kr. 10.000,-

Forslag til kandidatar m/ grunngjeving skal sendast til:

E-post: post@sirdal.kommune.no

Post: Sirdal kommune, Rådhuset, 4440 TONSTAD

 

Byggeskikkpris

Hovudformålet ved innføring av Bygningsvern-/byggeskikkpris i Sirdal kommune er å medverke og stimulere til bevisstgjøring av innbyggarane i Sirdal kommune slik at antikvariske og arkitektoniske verdiar vert verdsett og gjenskapt.

Prisen kan delast ut innanfor følgjande kategoriar:

5.1          Pris for god pleie, jamt vedlikehald av enkelthus eller anlegg med verneverdi. Det skal her leggast vekt på at hus eller anlegg er systematisk vedlikehalda med respekt for eigenart og miljøverdi.

5.2          Pris for omfattande utbetring, påbygging eller ombygging av enkelthus eller anlegg som har verneverdi. Det skal her leggast vekt på at det er tatt tilstrekkelig omsyn til dei antikvariske verdiar som er knytt til prosjektet.

5.3          Pris for nybygg, enkeltbygg eller grupperingar fortrinnsvis av bygningar i verneverdige bygningsmiljø. Det skal her leggast vekt på at prosjektet gjennom utforming og tilpassing til stad og miljø, skal vera med på å heva den lokale allmenne byggeskikk.

5.4          Pris til det offentlege, ein organisasjon, institusjon eller en privatperson som har gjort ein særskilt aktiv innsats for å fremme bygningsvernet. Det kan her være innanfor planlegging, informasjon, og/eller aktivitetar som er positivt fremmande for god byggeskikk og bygningsvern.

Bygningsvern-/byggeskikkprisen består av metallplate til montering på bygget, diplom, og gåvesjekk på kr.  10.000,- Alle innbyggarane i Sirdal kommune kan føreslå kandidatar til prisen. Nemnda kan òg sjølv føreslå kandidatar. Nemnda skal gje grunngjeving for sitt val. Vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast.

Forslag til kandidatar m/ grunngjeving skal sendast til:

E-post: post@sirdal.kommune.no

Post: Sirdal kommune, Rådhuset, 4440 TONSTAD

 

Kulturstipend og Idrettstipend

Felles retningslinjer for begge ordningane:

Stipendordninga skal vera ei støtte og oppmuntring til vidare utvikling/utdanning innanfor det utvida kulturomgrep. Ordninga retter seg særskild mot ungdom som satsar høgt innanfor sin idrett/kunstart, men også andre kan søkja. Stipendet vil kunne oppfattast som ein viss kompensasjon for tap av inntekt som følgje av satsing/utdanning. Stipend kan òg søkjast i samband med dekning av delar av utgifter til relevante kurs og liknande.

Stipend må den enkelte søkja om sjølv. Søknaden skal innehalde ein begrunnelse, samt dokumentasjon og oversikt over relevante kostnadar. Det kan søkjast stipend for 1 år om gongen. Maksimalt stipend pr. år er satt til kr. 50.000. Det er kun mogleg å bli tildelt stipend 2 gonger. Søkjarar av idrettstipend og/eller kulturstipend må vera fylt 16 år.

Søkjarar av idrettstipend/kulturstipend må vera registrert i folkeregisteret i Sirdal kommune eller ha nære band til kommunen. Søkjarar som har direkte tilknyting til det lokale idrettsmiljøet/kulturlivet i kommunen vil bli prioritert ved tildeling.

Frist for å søkja stipend er 15. desember (gjeld for stipend 2021). Markering av dei som har mottatt stipend skjer ved ein passande høgtideleg anledning.

Før utval for oppvekst og levekår tildeler stipend, skal det foreligge ei vurdering frå arbeidsgruppa som er nedsatt av utvalet.

Søknadsskjema for 2021 finn du her: Søknadsskjema Kultur og Idrettstipend

Idrettstipend:

Søknaden må innehalde ei kort oversikt over idrettsutøvarens personalia, samt dei fremste prestasjonar så langt og framtidige målsettingar. Idrettsutøvarar som mottar stipend skal profilere/synliggjera at dei er støtta av Sirdal kommune. Mottakarar av idrettstipend vil få utdelt ein «profileringspakke» frå kommunen som dei må bruka i henhald til sin aktivitet. Bruken av denne må vera avklart mellom stipendmottakar og kommunen.

Idrettstipend kan tildelast personar som har vist gode prestasjonar og som synes å ha gode utviklingsmoglegheiter. Søkjarar som driv innan ei sportsgrein som er definert som ein idrett inn under Norges idrettsforbund skal prioriterast. Idrettstipend kan tildelast 1 til 2 søkjarar pr. år. Sirdal idrettsråd er høyringsinstans for tildeling av idrettstipend.

Kulturstipend:

Kulturstipend skal vera ei støtte og oppmuntring til vidare utvikling/utdanning for skapande og utøvande talent og til spesielle arbeidsoppgåver som er til nytte for kulturlivet i Sirdal.