Sirdal kulturhus

Laurdag 5. oktober - Fredag 11. oktober

I Sirdal er det mange kreative menneske som driv med biletkunst, skulptur, fotografi, treskjering, spikking av trefigurar, keramikk, smykkedesign, vev, bunadssaum m.m. Det er òg mange aktørar som skapar ulike matprodukt.

Sirdal kommune inviterar hermed alle til å delta på Sirdal Bygdeutstilling 2019. Det betyr ingenting om du er fastbuande eller hyttebuar, om du vil ha berre utstilling eller sal, om du er privatperson eller næringsaktør - alle er velkomen til delta på utstillinga og syne fram sitt kreative arbeid.

 

Påmeldingsskjema: Sirdal Bygdeutstilling 2019

Send påmeldingsskjema til post@sirdal.kommune.no innan fredag 13. september.

 

For spørsmål og meir informasjon, ta gjerne kontakt med eining for kultur.