Rita Eriksen og Dag Vagle skapte ei særs fin og varm stemning i Sirdal kulturhus i går. Sjølv om publikumstalet var noko avgrensa på grunn av smittevernreglar, så vart det ein flott opplevelse – både for publikum og artistar.

Publikum fekk høyre glitrande framføringar av kjende og kjære julesonger, og det vart nokre overraskelsar undervegs.

Rita Eriksen imponerte ikkje berre med sin fine vokal, men òg med sine språkkunnskaper: framføringa av «O helga natt» på originalspråket fransk, var ei sterk oppleving.

Dag Vagle lokka fram både tårer og gåsehud hjå publikum under si framføring av «Finàle», som ein kjenner best frå sluttscenen i filmen «Tre nøtter til Askepott». Han song denne på tsjekkisk, og skapte ei stemning av julemagi i salen.

Med seg på scenen hadde dei eit knippe av dei beste musikarane i landet, ein fekk gleda av å høyra Jon-Willy Rydningen på tangentar, Tarjei Nysted på fele, og Gjermund Silseth på bass.

Det heile var pakka inn i ein sjeldan flott lysteknikk på scenen, i regi av Kristoffer Jensen.

Tusen takk til publikum som tok vegen til kulturhuset – me gler oss til å invitera til nye kulturopplevingar til neste år!

 

 

Rita Eriksen 1

Rita Eriksen 3

Rita Eriksen 6

Rita Eriksen 2

Rita Eriksen 5