Sirdal bygdekvinnelag arrangerte, i lag med Historielaget og Sirdal fjellmuseum, to temakveldar på bygdetunet. Det var eit veldig interessant program, og begge kveldane har vore vellukka.

Onsdag 30. juni

Kvelden byrja med Arne Garborg som har skrive levande om då han gjekk frå Knudaheio til Oslo via Hunnedalen og Øvre Sirdal. Gunhild Kvinen ''fortalde'' om då ho mest la seg til i snøen ein gong ho var i snåreskog.

Vidare forflytta me oss til Tonstad og livet på brygga då Fram la til, ført i pennen av Ragnvald Jørgensen og lese av Magnar Undheim. Jørgensen kunne ikkje berre skriva. Det er utstilling av måleria og teikningane hans i ''Galleri Sybjen'' kvar torsdag kl. 18.00 – 20.00 i juli.

Me for vidare ned liene på ski saman med prest Erling Fagerheim, før Kjell Arild Pollestad tok oss og besøkjande med frå Jæren til m.a. Sinnes ein regnfull sommardag. Sidan me var inne på turisme, høyrde me litt om korleis unggutten Erik i fantasyforteljinga Kire opplevde Sirdal. Det var  noko anna enn då Tor Obrestad feira påske på hytte på Fidjeland...

Det vart ein fin kveld framfør Jørenhuset, men oppmøtet av knott kunne godt vore mindre.

Som Arne Garborg skreiv: ''Gud skal have takk. Norig er rikt. (...) Stort, stort er dette herlige land. Det er berre i byane at Norig er lite.''

 

Måndag 26. juli

Den andre temakvelden var måndag 26. juli, og då var det samla 29 personar i Jørenhuset.

Det byrja med ei engasjert oppsummering av kunst i Sirdal med vekt på 1800-talet og rosemåling og folkemusikk v/Magnar Undheim, og kor lite flinke me er til å fortelja andre om det.

Etterpå fortsette Steinar Tjomlid med historia bak ‘’Segner og historier frå Sirdal’’ og fleire historier frå boka, før Ivar Åmlid fortsette med slåser og forteljingar både lokalt og generelt. I tillegg fortalde han om den andre bussen som vart kjøpt inn i Sirdal i 1929.

Det vart både alvor og skjemt, litt kaffi og mykje drøs medan regnet auste ned utanfor.

 

Bilde arr Sirdal i litteraturen.jpg