Torsdag 15. juni kl. 19:00 vert det trekning av reinsdyrkort i skulehuset på Kvæven bygdetun (Sirdalsveien 7764). Registreringa startar ca. kl. 18:30. Etter hovudtrekninga blir det trekning av venteliste. 

Statskog har utsatt den varsla overgangen til www.inatur.no. Trekninga vert difor gjennomført fysisk også i år.  

Det er ønskelig at flest mogeleg møter opp personleg på trekninga. Om du ikkje har høve til det, kan du sende ein personleg vara eller melde deg på trekninga per e-post til sven.sandvik@sirdal.kommune.no. Siste frist for påmelding per e-post er onsdag 14. juni kl. 23:59. Personar som møter fysisk eller sender vara, treng ikkje sende e-post. 

Årets kvote er endå ikkje fastsett. Ordinær bygdejaktpris vert 1400 kr for kalv, 3000 kr for simle og 5000 kr for fritt dyr. Ungdomar (25 år eller yngre) får korta dei vinn på hovudtrekninga til halv pris av ordinær bygdejaktpris.

Årets kvote er 4 frie dyr, 3 simler og 6 kalv. Prisen for bygdejaktkort er 1400 kr for kalv, 3000 kr for simle og 5600 kr for fritt dyr. Ungdomar (25 år eller yngre) får korta dei vinn på hovudtrekninga til halv pris av full pris (ikkje halv pris av bygdejaktpris).

Søkjarar på bygdejakta må vera folkeregistrert i Sirdal kommune og oppfylle krava til storviltjakt. Alle som vert tildelt jakt må underteikne jegeravtalen til Statskog og betale for jaktkortet før det kan utleverast. Jaktkortet er personleg og skal – dersom det ikkje vert brukt – tilbydast til neste person på ventelista til ein nærare fastsett rabbatert pris, avhenger av kor langt ute i sesongen ein er.  

Trekninga vert arrangert av bygdejaktstyret som Kommunestyret har valt for resten av inneverande valperiode. Medlemane i bygdejaktstyret er: 

  • Stein Ivar Sinnes , leiar 
  • Siv Tone Å Bjunes 
  • Jon Uleberg 
  • Siri Fidjeland 
  • Henning Sinnes

Informasjon

Her kan du finne meir informasjon: Bygdejakta Sirdal i Njardarheim 2023

Jegerkontrakt

Her finner du kontrakt: Jegerkontrakt for Bygdejakt 2023