OM FORESTILLINGEN 

Tørr kort hoste riv i bringa, jagar svarte flikar framfor augo. Av og til må eg setja meg og stå panna i handa. Etterpå andedrag som lange knivar der inne. Stundom går eg ut under lønnetreet når det byrjar. Det hender at eg legg meg flat i graset. Det hender at eg kjenner ein salt smak i munnen.

Korleis er det å miste livet – akkurat då det er i ferd med å begynne? For fyrste gong dramatiserast Paal-Helge Haugens prisbelønnande punktroman Anne. Haugen er fødd og oppvaksen i Valle i Setesdal, og berre 23 år gammal slo han gjennom med nettopp Anne. For boka mottok han Nynorsk Kulturpris, og den reknast i dag som ein moderne klassikar frå ein av våre fremste poetar.

Framsyninga er eit intimt og musikalsk møte med sanninga om at tida vi tar for gitt – ikkje er garantert. At planane om å utforske verden og forme ditt eige liv – kan bli stjåle frå deg.

I denne følelsesladde monologforestillinga komprimerast 22 år til kun éin time gjennom ein serie av små glimt av eit liv, som avsluttast alt for tidleg når den unge jenta rammast av tuberkulose.

På scena står skodespelar Ann Ingrid Fuglestveit og musikar og lyddesignar Åsmund Solberg. I 2020 vann han Folkelarmprisen i kategorien tradisjonelt samspel, han har og vore nominert til Spellemannsprisen.

Her kan du lese mer om forestilingen, og kjøpe billett:

Kilden Teater / ANNE